St Davids

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Davids
Tyddewi
by
Offisielt namn: St David's and the Cathedral Close
Land  Wales
Fylke Pembrokeshire
Kart
St Davids
51°52′56″ N 5°16′7″ W
Wikimedia Commons: St David's

St Davids (walisisk Tyddewi), formelt St David's and the Cathedral Close, er ein by i Pembrokeshire i Wales.[1] Det er den minste byen i Storbritannia med kring 2000 innbyggjarar (2004). Bystatusen city blir normalt brukt om større byar, men som her har historiske religiøse røter. St Davids ligg ved elva Alun, på St David's halvøy. Byen er den de facto geistlege hovudstaden i Wales og kvilestaden for den walisisisk vernehelgenen, den heilage David.

Byen voks opp kring St Davidskyrkja, som er vigd den nasjonale vernehelgenen; det er fordi dette er ei domkyrkje at St Davids fekk status som by. I mellomalderen var byen eit viktig pilegrimsmål. Ruinar av palasset til biskopen frå 1300-tale, ligg ved sida av domkyrkja, og blir vedlikehalde av Cadw.

Ifølgje tradisjonen blei heilage David fødd ved St Non's like sør for byen kring år 500. Han skal ha blitt døypt ved Porthclais, som no er hamneområdet til St Davids. Det er òg heilage David som får æra for grunnlegginga av byen, då under eit anna, ukjent namn, kring 550.

Andre attraksjonar i byen er ein byport frå 1200-talet, ein keltisk høgkross og eit akvarium. Byen er eit populært mål for fotturistar, som kan bu på eit av fleire hotell eller på ungdomsherberget her. Det finst berre éin pub i St Davids, noko som er særs uvanleg for ein britisk by.

St Davids er den einaste byen i Storbritannia som heilt ligg inne i ein nasjonalpark, det vi seia Pembrokeshirekysten nasjonalpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Office for National Statistics : Census 2001 : Parish Headcounts : St David's and the Cathedral Close, arkivert frå originalen 13. juni 2011, henta 1. august 2020