St Erth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Erth
landsby
Land  England
Region Sørvest-England
Fylke Cornwall
Kart
St Erth
50°09′58″N 5°26′13″W / 50.166°N 5.437°W / 50.166; -5.437
Wikimedia Commons: St Erth
Elva Hayle i nærleiken av St Erth med kyrkjetårn i horisonten.

St Erth (kornisk Lannudhno)[1] er ein landsby og eit civil parish i Cornwall i England.

Historie[endre | endre wikiteksten]

St Erth har namn etter st. Erc, ein av dei mange irske helgenane som førte kristendommen til Cornwall i mellomalderen. Han ligg ved ein gammal vadestad over elva Hayle. Det korniske namnet på staden kjem frå st. Uthinoch, som ein veit lite om. Kyrkja i St Erth stammar frå 1400-talet, men det skal ha stått ei eldre kyrkje på St Erth Hill med utsyn over landsbyen.

St Erth jernabenstasjon ligg 0,75 miles unna landsbyen, i Rose-an-Grouse. Stasjonen ligg på Cornish Main Line frå London Paddington til Penzance. Han er også stasjon på den sceniske ruta St Ives Bay Line.

Landsbyen ligg fire miles (6,5 km) søraust for St Ives og seks miles (10 km) nordaust for Penzance.[2] Parishet grensar til Ludgvan i vest, Hayle i nord og St Hilary i sør.

Den gamle skyssvognvegen gjekk gjennom landsbyen, før det blei bygd ein veg langs kanten av Hayle-estuaret i 1825. Før dette måtte alle som ønskte å dra frå Hayle til St Ives eller Penzance kryssa sandområdet i Hayle-estuaret, eller ta ein betydeleg omveg for å kryssa Hayle-elva ved den gamle St Erth Bridge. The Star Inn, i midten av St Erth, er ein gammal skysstasjon frå 1300- eller 1400-talet som no er verna under Grade II.

I St Erth var det lenge eit stort meieri drive av United Dairies som handsama mykje av mjølka produsert i Penwith.

Historiske byggverk[endre | endre wikiteksten]

Trewinnard Manor er eit herskapshus frå tidleg 1700-tal, bygd på ein annan stad enn mellomalderheimen til familien Hawkins. Trelissick Manor er eit mellomalderhus som blei ombygd i 1688 for jakobitten James Paynter, igjen på 1700-talet og utvida på 1800-talet. Tredrea Manor er eit hus frå 1600-talet som store delar blei gjenoppbygga av rundt 1856. Framsida har fem karnappar i ashlar-stein.[3]

Gammal kross i St Erth

Soknekyrkja er vigd St. Erc (latin Ercus), og er truleg frå 1300-talet. Kyrkja blei restaurert i 1874.

Det er seks korniske krossar i soknet. To står i kyrkjegarden og dei andre er i kyrkjebyen (churchtown) og ved Battery Mill, Tregenhorne og Trevean.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Place-names in the Standard Written Form (SWF) Arkivert 15 May 2013 ved Wayback Machine. : List of place-names agreed by the MAGA Signage Panel. Arkivert 15 May 2013 ved Wayback Machine. Cornish Language Partnership.
  2. Ordnance Survey: Landranger map sheet 203 Land's End ISBN 978-0-319-23148-7
  3. Beacham, Peter & Pevsner, Nikolaus (2014). Cornwall. New Haven: Yale University Press. ISBN 978-0-300-12668-6; p. 538
  4. Langdon, A. G. (1896) Old Cornish Crosses. Truro: Joseph Pollard

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: St Erth