St Ives Bay

Koordinatar: 50°13′N 5°26′W / 50.217°N 5.433°W / 50.217; -5.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
South West Coast Path over St Ives Bay

St Ives Bay er ei buktatlanterhavskysten nordvest i Cornwall i Storbritannia. Ho er forma som ein grunn halvmåne, og er om lag 6 km brei. Ho ligg mellom St Ives i vest og Godrevy Head i aust.

Ved det sørlegaste punktet i St Ives Bay munnar elva Hayle ut i havet gjennom nokre sanddyner og over stranda. Bakom sanddynene dannar elva eit breitt tidvassestuar, som omfattar område med marskland og ei stort sett unytta hamn. Estuaret er ein populær stad for fuglekikking og Royal Society for the Protection of Birds har eit reservat der.

På austkysten av bukta ligg ei 5 km lang, samanhengande strand, med ei rekkje sanddyner som vert kalla The Towans. Dei strekkjer seg frå Porth Kidney Sands i vest til Godrevy Head i aust. Dette området er eit populært surfeområde, særleg ved Gwithian.

Vestsida av bukta er høgareliggande og tettare busett, og dei største busetnadane er Lelant, Carbis Bay og St Ives. Vestkysten er òg meir prega av klipper med små strender innimellom.

Stader rundt St Ives Bay[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°13′N 5°26′W / 50.217°N 5.433°W / 50.217; -5.433