Staalboraren
| | |||
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Sjanger | drama | ||
| Utgjeven | 1920 | ||
| Forlag | Olaf Norlis Forlag | ||
Staalboraren er eit skodespel frå 1920 av Halvor Floden. Det utkom i bokform hausten 1920,[1] og vart første gong framført på Det Norske Teatret 15. november 1921.[2][3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dette var den andre boka Floden ga ut for vaksne lesarar, og det første skodespelet hans.
Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes i 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[4] Dei hadde fem barn, fødd 1907–1920.[5]
Det Norske Teatret hadde opna i 1913, og mange nynorskforfattarar kjende på eit ansvar for å bidra med nytt stoff til teatret.
Floden skreiv etter kvart fleire teaterstykke:[6] Gamlehagen vart framført på Det Norske Teatret i 1931, men vart ikkje utgjeve i bokform. Han dramatiserte og si eiga barnebok Gjenta frå landsvegen som vart framført i 1939, og dramatiserte si eiga bok Fagerlia for skulebruk. Han skreiv og nokre høyrespel for NRK. Knut Imerslund, som har skrive ein artikkel om Staalboraren, meiner at Staalboraren er det beste av dei dramatiske arbeida til Floden.[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Staalboraren er eit sosialt og poltisk drama.[8][6] Handlinga er lagt til «Eit fabrikk-strok i Noreg i vaare dagar.» Den drivande konflikten i stykket er usemja mellom fabrikkeigaren Trond Urom og arbeidarleiaren Geir. Trond Urom vil setje inn streikebrytarar på fabrikken i fall det blir arbeidskonflikt der, medan Geir med all makt – også valdsbruk – vil hindre dette. Aasta Urom står i mellom dei to mennene, og det kjem fram at Aasta og Geir har hatt eit kjærleiksforhold før Aasta vart gift, og at han kan vere far til Leiv. Anny Røysa, som er ein kristen misjonær, brevvenn og fjern slektning av Aasta, kjem inn i handlinga i første akt. Ho får Aasta til å tvile på sine eigne livsval. Etter kvart blir også Anny interessert i Geir.
I andre akt opptrer arbeidarekteparet Isak og Signe. Signe er nervøs eller forstyrra av for mykje kristen påverknad.[7] Isak avviser kristne almisser frå Aasta, og ser dei som ein motsetnad til arbeidarkampen.[7] I tredje akt kjem det fram at Aasta har hjelpt dei som streikar, og at ho drøymer om å rømme bort i lag med Geir og sonen.[7]
I den fjerde og siste akta har Isak sett i verk sabotasje på jernbaneskinnene for å skade toget som er på veg med streikebrytarar. Geir er i mot dette, og dei ryk i hop i slåsskamp. Geir spring inn i tunnelen for å stoppe toget. Han lukkast med å stoppe toget, men ofrar samstundes livet idet han blir overkøyrd av toget. Stykket sluttar med at Trond Urom hånar den daude,[7] og seier at Geir vart «redd sitt eige arbeid – feig som han var.»
Framsyninga
[endre | endre wikiteksten]Framsyninga var sett i scene av Amund Rydland, og hadde scenografi av Jens Wang.[9] Dei som medverka i stykket var[10]
- Trond Urom, fabrikkeigar – Per Qvernstrøm
- Aasta Urom, kona hans – Henny Schønberg
- Leiv, sonen deira – Ragnhild Fjermeros
- Geir («Stålboraren»), arbeiderleiar – Lars Nygard
- Anny Røysa – Dagmar Myhrvold
- Isak, ein arbeidar – Lars Tvinde
- Signe, kona hans, svært religiøs – Mary Carenius Magnussen
- Malla, slarvekjerring – Helga Rydland
Omtale
[endre | endre wikiteksten]I Østlendingen skreiv Magne Skrede om boka at dramaets «mest fængslende skikkelse er stålboraren Geir. Han har profetens veldige suggestive magt over andre mennesker, men han magter ikke å styre de kræfter han selv kalder frem.»[11]
I ei kort omtale av boka i Østerdølen tenkte meldaren at boka høver best som lesedrama, fordi tunneler og jernbanetog «ikke er saa let handterlig materiale for en scene.»[12] Meldaren i Høgskulebladet festa seg ved løyndomane i stykket, og skreiv at «Der yverflata ser god ut, er verste styggedomen innunder.»[13]
Meldaren A.S. i avisa Social-Demokraten meinte etter teaterpremieren at stykket hadde ei dobbelthandling som var forvirrande og svekkande:
- «Det gjælder arbeidsstans og arbeidsløshet paa den ene side, og erotik og fruentimmervrøvl paa den anden. [...] Det maales bedst på stykkets hovedperson staalboraren Geir. Han er til en begyndelse overlegen, klar bestem og gir indtryk av at han er en mand, som kan mestre situasjonen og ta asnvaret naar det kniper. Men han elskes av to kvinder, og den enes kjærlighet lammer efterhaanden hans beslutsomhet og berøver ham hans naturlige handlekraft.»[14]
Kristian Elster i Nationen meinte og at det var to handlingstrådar i stykket; det sosiale drama var ikkje godt, men den menneskelege konflikten hadde ei viss interesse.[15]
Meldaren E.S. i Dagbladet meinte at teaterstykket var eit umodent arbeid, men og at hovudhandlinga var Aasta Orums dilemma. Meldaren meinte at Henny Schønberg lukkast med å framstille Aastas «usikkerhet, smerte og ondskap.»[16] Meldaren A.F. i Den 17de Mai la mest vekt på personane Aasta og Geir, og deira utvikling.[17]
Sigurd Bødtker i Aftenposten var misnøgd med at Floden tok parti for arbeidarane, og at han lage ein karikatur av fabrikkeigaren.[18]
Meldaren «Hald.» i bladet Norig meinte at det var sjeleskildringa som interesserte, ikkje den sosiale striden. Meldaren meinte og at det var «skildringa av guten (Leif) og samtalene millom han og dei vaksne som er det beste i stykket.»[19]
I eit attersyn på Flodens verk til da, skreiv Magne Skrede i Østlendingen i 1924 at typen Geir – som er «fødd til noko ljost og varmt [...] men han fell ned ‘från ljusets høgder’ og misser makti over eige verk» er gamal i litteraturen. Skrede skreiv og at stykket hadde «greide og gode drag» som tidsbilæte og skildring av moderne mennesketyper.[20]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floden, Halvor (1920). Staalboraren. Kristiania: Norli.
- ↑ Sletbak, Nils, red. (1963). Det Norske teatret : femti år 1913-1963. Oslo: Samlaget. s. 445.
- ↑ Staalboraren; sceneweb.no
- ↑ Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo. 1943. s. 426.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
- 1 2 Dale, Johs. A. (1964). Nynorsk dramatikk i hundre år. Oslo: Det norske samlaget. s. 131-132.
- 1 2 3 4 5 Knut Imerslund (1984). «Staalboraren - eit drama av Halvor Floden». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 53-61.
- ↑ Olav Midttun (1929). «Halvor Floden». Norsk biografisk leksikon. Bd 4. Oslo: Aschehoug. s. 171-172.
- ↑ Johansen, Rune (1984). Teatermaler Jens Wang. Oslo: Solum. s. 356. ISBN 8256003162.
- ↑ «Social-Demokraten». Oslo. 1921-11-14. s. 2.
- ↑ «Østlendingen». Elverum. 1920-11-26. s. 1.
- ↑ «Østerdølen». Tynset. 1920-12-17. s. 1.
- ↑ «Høgskulebladet». Svorkmo. 1920. s. 366.
- ↑ «Social-Demokraten». Oslo. 1921-11-16. s. 3.
- ↑ «Nationen». Oslo. 1921-11-16. s. 3.
- ↑ «Dagbladet 1921.11.16». 1921-11-16. s. 2.
- ↑ «Den 17de mai». Oslo. 1921-11-16. s. 1.
- ↑ «Aftenposten». 1921-11-16. s. 4.
- ↑ «Norig». Skien. 1921-11-19. s. 6.
- ↑ «Østlendingen». Elverum. 1924-01-31. s. 1.