Stabat Mater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mater Dolorosa av Luis de Morales

«Stabat matar dolorosa» ('Stod der mora, fylt av smerte') er ein katolsk hymne frå 1200-talet, skriven på latin i Italia. Teksten, som skildrar lidingane til Maria under krossfestinga av sonen Jesus Kristus, vart tidlegare tilskriven Jacopone da Todi, men i dag blir Bonaventura rekna som den mest sannsynlege forfattaren.

Stabat matar er vorte tonesett av mange komponistar, av dei Joseph Haydn, Antonín Dvořák, Antonio Vivaldi, Gioacchino Rossini, Giovanni Battista Pergolesi, Giuseppe Verdi, Charles Gounod, Krzysztof Penderecki, Francis Poulenc, Karol Szymanowski, Alessandro Scarlatti og Arvo Pärt.

Hymnen er vorte eit fast innslag i den katolske liturgien. Stabat matar blir ofte framført 15. september, som i den katolske kyrkja er ein minnedag for Jomfru Marias smerte (Beata Maria Virgo Perdolens), og dessutan på fredag før palmesøndag.

Den mindre kjende «Stabat matar speciosa» uttrykker Jomfru Maria si glede ved Jesu' fødsel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Stabat Mater ved Wikisource.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]