Stabburet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stabburet

SelskapsformAksjeselskap
Org.nr.916 170 858
Skipa1943
MorselskapOrkla Foods Norge Sjå dette på Wikidata
BransjeNæringsmiddel
HovudkontorKolbotn Sjå dette på Wikidata
Omsetnad2 878 millioner kroner (2010)

Stabburet AS er ein norsk matvareprodusent som produserer mange kjente merkevarer, for eksempel frossenpizzaene Grandiosa og Big One. I tillegg produserer Stabburet merkevarer som Nora syltetøy, saft og grønsaker, Stabburmakrell, Nugatti, Fun Light og Idun. Stabburet vart etablert av Gunnar Nilsen i 1943, og er no ein divisjon av Orkla Foods. Denne forretningseininga er ein del av Orkla Brands (Orklas merkevareverksemd). I 2007 var Stabburets driftsinntekter på 2.783 millionar kroner. Dei to markedsområda Daglegvare og Storhushalding stod for 72 % og 28 % av omsettinga.

Hovudkontoret ligg på Kolbotn i Akershus, og foretaket har om lag 1000 tilsette.

Daglegvareområdet er ansvarleg for sal og marknadsføring mot norsk daglegvarehandel, medan Storhushalding arbeider mot bensinstasjonar, storkioskar, gatekjøkken, kantiner, kafeteriaer/kroer og hotell. Bedrifta har òg fagfunksjonar for innkjøp, produktutvikling, produksjon/logistikk, forretningsutvikling/IS, økonomi, personal og informasjon.

Stabburet har totalt åtte produksjonsanlegg i Sør-Noreg. I tillegg kjem dei regionale salskontora.