Stabssersjant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stabssersjant (forkorting s/sjt.) er ei grad som tidlegare fanst i Hæren og Luftforsvaret. Det var den høgaste sersjantgrada i Noreg og den høgaste underoffisersgrada. Den var såleis plassert mellom oversersjant og offisersgrada fenrik. Ein stabsersjant var som regel ein sersjant, ofte med teknisk bakgrunn, med mange års tenestetid. Distinksjonen var tre vinklar med ei krone over og tilsvarte flaggkvartermeister i Sjøforsvaret.

Gradene oversersjant og stabssersjant opphøyrde 1. juli 1975 og befalet fekk høvesvis offisersgradene fenrik og løytnant. Hærordninga av 1. januar 1977 gjorde at dei eldste av dei gamle stabssersjantane fekk kapteins grad.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Militære grader
Land/luft Sjø
Offiserar generalfeltmarskalk · feltmarskalk · generaloberst · general · generalløytnant · generalmajor · brigadegeneral · brigader · oberst · oberstløytnant · major · rittmeister · vingkaptein · kaptein · premierløytnant · sekondløytnant · vingløytnant · løytnant · fenrik storadmiral · admiral · viseadmiral · kontreadmiral · flaggkommandør · kommandør · kommandørkaptein · orlogskaptein · kapteinløytnant løytnant · fenrik
Underoffiserar fanejunker · kommandersersjant · furer · stabssersjant · oversersjant · vingsersjant · sersjant flaggkvartermeister · kvartermeister I klasse · kvartermeister
Meinige soldatar korporal · visekorporal · flysoldat · meinig meinig · gast
Anna grenader · kadett matros · kadett
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.