Stacy Dragila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stacy Dragila
Stacy dragila.jpg
Fødd 25. mars 1971
Auburn
Yrke stavhopper, friidrettsutøvar
Stacy Dragila på Commons

Stacy Renée Dragila, fødd Mikaelson, (fødd 25. mars 1971) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i stavhopp 1999 og 2001 og olympisk meister i 2000.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dragila byrja med mangekamp, men midt på 1990-talet gjekk ho for fullt inn for stavhopp, den gongen ei ny øving i kvinne-friidrett. Ved innandørs-VM 1997 i Paris svinga ho seg over 4,40 og sette ny verdsrekord innandørs.

I åra frå 1999 til 2003 sette Dragila årleg verdsrekord i stavhopp. Den 21. august 1999 gjekk ho over 4,60 m, medan ho den 23. juli 2000 klarde 4,63 m. Ho auka til 4,70 m den 28. april 2001 og til 4,71 m den 9. juli i 2002. Hennar siste verdsrekordnotering, 4,81 meter oppnådde ho 9. juni 2003.

Ved friidretts-VM 1999 i Sevilla vann Dragila gullmedaljen, framom Anzjela Balakhonova og australske Tatiana Grigorieva. Under dei olympiske leikane 2000 i Sydney sikra ho seg OL-gullet, sterkast utfordra av Grigorieva på sølvplass og den islandske bornsevinnaren, Vala Flosadóttir. Året etter forsvarte Dragila VM-tittelen i stavhopp i Edmonton, med Svetlana Feofanova og Monika Pyrek på dei andre medaljeplassane.

Dragila vart nummer fire i Paris-VM 2003 og sette landsrekord då ho vart nummer to etter Jelena Isinbajeva ved innandørs-VM 2004 i Budapest. Sommaren 2004 gjekk ho over 4,83 meter under eit stemne i Ostrava og sette sin gjeldande personlege rekord. Men både under Sommar-OL 2004 og friidretts-VM 2005 bomma ho i kvalifiseringa.

Etter to år med skadar var Dragila i 2008 i stand til å ta seg over 4,70 meter, derimot lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til Sommar-OL i Beijing. Ho deltok i friidretts-VM 2009 og rauk ut i kvalifiseringa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]