Site of Special Scientific Interest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quiraing, del av ein Site of Special Scientific Interest på Skye i Skottland.

Site of Special Scientific Interest eller SSSI («stad av særskild vitskapleg interesse») er ein status eit verneområde kan ha i Storbritannia. SSSI-området er grunnlaget for stadbasert naturvern etter britisk lov og dei fleste andre naturlege eller geologiske verneområde i Storbritannia er basert på desse, som nasjonale naturreservat, ramsarstader, Special Protection Area (særskild verneområde) og Special Areas of Conservation («særskild bevaringområde»).

SSSI-område kan vidare delast inn i biologiske SSSI og geologiske SSSI. Fleire SSSI-område er både biologiske og geologiske.

I Nord-Irland vert SSSI-stader kalla Area of Special Scientific Interest (ASSI).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Site of Special Scientific Interest