Stader i Harry Potter-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

J.K. Rowling sin serie om Harry Potter føregår i ei verd som minner om den verkelege verda, men inneheld ei rekkje oppdikta, ofte magiske, stader. Her er dei delt inn etter type: Bustader, byar, offentlege stader og skular.

Galtvang[endre | endre wikiteksten]

Galtvang (engelsk Hogsmeade) er landsbyen som ligg ved Galtvort i serien om Harry Potter. Elevane på Galtvort har lov til å besøkje landsbyen i nokre såkalla «Galtvanghelger» frå dei går i tredje klasse og oppover.

Goathland stasjon blei brukt til innspeling av scener på Galtvang stasjon i filmatiseringane av Harry Potter-bøkene.
Scott Rimmer (2005)

I Galtvang ligg desse forretningane og liknande:

  • Honningslurp
  • Hylehuset
  • Ugleriet (postkontoret)
  • Baren «Tre Sopelimer»
  • Zonkos morobutikk
  • Dervisj og Bang
  • Skribbelskaft
  • Mundurs Magimanufaktur
  • Madam Puslefots tesalong

Som den einaste fullmagiske trollmannsbyen i Storbritannia er Hogsmeade ein populær stad med mange innbyggjarar.

I Harry Potter og Fangen fra Azkaban får dei som går på Galtvort i 3.klasse eller oppover lov til å gå til Galtvang dersom dei får lov til det av føresette. Harry får ikkje underskrift, men snik seg inn ved hjelp av usynlegheitskappa og urkruttkartet gjennom ein av gangane som er ved statuen av den einauga heksa på Galtvort. Harry går gjennom ein tunnel og klatrar opp ein stige som fører han til Honningslurp.

På andre spårk heiter Galtvang;

  • Engelsk: Hogsmeade
  • Tsjekkisk: Prasinky
  • Slovakisk: Rokville

Diagonallmenningen[endre | endre wikiteksten]

Wiltersens wærste[endre | endre wikiteksten]

Wiltersens wærste er ein moro-butikk i Diagonallmenningen oppretta av Fred og Frank Wiltersen i 1996.

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Florian Funkel iskrem
  • Magimenasjeriet
  • Kvalitetutstyr til rumpeldunk
  • Madam Malkins Gevanter for enhver anledning
  • Snirckel & Blæk
  • Olivanders tryllestaver

Bustader[endre | endre wikiteksten]

Gudriksdal[endre | endre wikiteksten]

Gudriksdal er ein fiktiv landsby som ligg vest i England. Landsbyen er kjend for å vere heimen til eit magisk samfunn, som Ottery St catchpole og Tinworth. Landsbyen var heimen og den endelege gøymestaden til Jakob og Lilly Potter før dei vart myrda av Fyrst Voldemort den 31. oktober 1981. Det var då sonen deira, Harry, fekk det lynforma arret sitt.

Gudriksdal var heimen til Potter-familien, og til Galtvort-grunnleggjaren Gudrik Griffing (som landsbyen er oppkalla etter). Andre kjende innbyggjarar i landsbyen er Bowman Wright (oppfinnar av gullsnoppen) og Bathilda Bagshot, forfattar av A History of Magic.

Malfanghus[endre | endre wikiteksten]

Malfanghus er heimen til den aristokratiske Malfang-familien: Lucius, Narcissa, og Draco Malfang, og seinare Bellatrix DeMons (syster til Narcissa). Huset er nemnt i femte bok som eit gods plassert ein stad i Wiltshire, England.

Skjellhytta[endre | endre wikiteksten]

Huset som blir brukt som skjell-hytta i filmatiseringa.

I Harry Potter og Dødstalismanene giftar Fleur Delacour og Rulle Wiltersen seg og flyttar seinare inn her. Etter at Harry, Ronny og Hermine hadde rømt frå Malfanghus, kjem dei seg hit. Hytta blir også brukt som hovudkvarter for Føniksordenen ei stund.

Hiet[endre | endre wikiteksten]

Hiet er namnet på Wiltensen-familien sitt hus i bøkene og filmane om Harry Potter. Det ligg utanfor landsbyen Ildering Sankt Veit, i nærleiken av husa til Lunekjær-familien og Djervell-familien. Hiet vart nytta som hovudkvarter for Føniksordenen i Harry Potter og dødstalismanene fram til det ikkje lenger gav vern. Huset har sju etasjar og ser falleferdig ut. Det vert halde oppe takka vere magi. Trass i utsjånaden på huset, seier Harry fyrste gong han er der at det er det beste huset han nokon gong hadde vore i, og at det er den staden han tykkjer mest om i universet, nest etter Galtvort. Det ligg ein godt gøymt rumpeldunkbane i nærleiken. Den nyttar gutane i familien Wiltersen, og Gulla i løyndom. Ekte rumpeldunkballar kan ikkje nyttast i tilfelle dei stikk av og flyg over gompelandsbyen like i nærleiken. Det er mange hagegnomar i hagen til Hiet.

I huset er det eit sentralt objekt som fru Wiltersen nyttar for å sjå korleis dei andre familimedlemmane har det. Det er ei klokke som ikkje viser tida, men kvar visar på klokka representerer ein familiemedlem, og urskiva viser stader eller tilstandar dei kan vere i. Når Harry kjem til Hiet i Harry Potter og halvblodsprinsen medan Voldemort agiterte til krig mot magiverda er alle visarane rette mot «livsfare». Det er ikkje visst om det finst fleire slike klokker, men Molly seier at ho ikkje kjenner nokon som har ei.

I filmversjonen av Halvblodsprinsen vert Hiet angripe av Bellatrix DeMons og andre dødsetarar, og deretter vert Hiet sett fyr på.

Skular[endre | endre wikiteksten]

Galtvort[endre | endre wikiteksten]

For eigen artikkel, sjå Galtvort.

Beauxbatons[endre | endre wikiteksten]

Skule i Harry Potter-serien
Coat of arms for the magic school Beauxbatons, as described in the Harry Potter books , "Two crossed, golden wands, each emitting three stars".png
Beuaxbatons
Type Kostskule
Lokalisert Frankrike.
Faste bebuarar Elevane og lærarane unntatt skuleferiar.
Rektor Madam Maxine
Fyrste opptreden Harry Potter og Ildbegeret

Magiakademiet (engelsk Beauxbatons Academy of Magic) har lyseblå uniformar i silke og ligg sør i Frankrike. Akademiet blir først introdusert i Harry Potter og ildbegeret, når skulen er ein av tre som skal delta i Tretrollmannsturneringa. Då elevane kom fram til Galtvort, sette dei seg ved Ravnklo-bordet i storsalen. Deltakaren frå skulen var Fleur Delacour.

Durmstrang[endre | endre wikiteksten]

Skule i Harry Potter-serien
Durmstrang
Type Kostskule
Lokalisert Noreg eller Sverige.
Faste bebuarar Elevane og lærerane unntatt skuleferiar.
Rektor Igor Karkaroff
Fyrste opptreden Harry Potter og Ildbegeret

Durmstrang (eng.Durmstrang Institute) ligg i Noreg eller Sverige og har pelskledde kapper i raudt til uniform. Skulen er kjent for å vere intresert i svartekunstar. I Harry Potter og ildbegeret kjem ein del av elevane for å vere til stades under Tretrollmannsturneringa. Eleven som vart vald var Viktor Krumm, ein stor Rumpeldunk-spelar.

Ein annan som er kjend for å ha gått på skulen er Gellert Grindelwald, ein stor trollmann som dreiv med svart magi.

Den brasilianske trollmannsskulen[endre | endre wikiteksten]

Den brasilianske trollmannsskulen (engelsk Brazilian Wizarding School) ein ein trollmannsskule som såvidt blir nemnt i bøkene, i eit brev til Rulle Wiltersen.

Formelskulen[endre | endre wikiteksten]

På engelsk: Charm School. Dette er ein slags førskule i england, før ein byrjar på Galtvort.

Offentlege stader[endre | endre wikiteksten]

St. Mungos hospital[endre | endre wikiteksten]

St. Mungos hospital for magiske sjukdommar og skader er ein fiktiv stad i Harry Potter-bøkene. Det er eit sjukehus for trollmenn i London.

Azkaban[endre | endre wikiteksten]

Azkaban er trollmannsfengselet, lokalisert i Nordsjøen. Fengselet blir fyrst og fremst nemnt i Harry Potter og Mysteriekammeret når Gygrid blir sett i Azkaban utan eigentleg grunn. Fengselet får ei større rolle å spele i den tredje boka når Sirius Svaart rømmer herifrå og desperantane som vaktar fengselet kjem til Galtvort grunna dette. I den femte boka hjelper Fyrst Voldemort dødsetarane som sit her inne, å rømme, noko som spreier stor panikk. Fleire lurer på kvifor ikkje desperantane blir brukte i dette tilfellet. Det viser seg at Voldemort hadde teke over desperantane og at Magidepartementet berre dekte over det.

Nurmengaard[endre | endre wikiteksten]

Dette er fengselet som Gellert Grindelwald bygde for fiendane sine og for gompar. Det skal liggje ein stad i Europa og inngangen er merka med symbolet for dødstalismanane, saman med mottoet "For det felles beste". Etter at Humlesnurr sigra over Grindelwald, blei fangene lauslatne og Grindelwald sjølv vart fengsla i øvste cella. Nurmengard er skildra i den siste boka når Voldemort kjem til fengselet på jakt etter Grindelwald og informasjon om Oldstaven. Etter at Grindelwald nektar å gje han noko informasjon, drep Voldemort han i hans eige fengsel.

Magidepartementet[endre | endre wikiteksten]

For eigen artikkel, sjå Magidepartementet.

Spor 9¾ på Kings Cross stasjon i røynda.

Spor 9¾[endre | endre wikiteksten]

Spor 9¾ er ein magisk togperrong som skal ligg på King's Cross stasjon i London. Det er denne stasjonen Galtvort-ekspressen går til Galtvort frå. I røynda har det blitt så populært å besøkje Kings Cross i London for Harry Potter-serien at det har blitt sett opp eit skilt og ei baggasjetralle som har gått halvvegs gjennom veggen. I 2012 blei det også opna ein butikk som sel Harry Potter-effektar, mellom anna billettar med dette spornummeret på.[1]

Galtvort-ekspressen.

I den fyrste boka blir Harry køyrt av Viktor Dumling til Kings Cross. Han har fått billetten sin til Galtvortsekspressen av Gygrid, men finn ikkje ut kvar det underlege ni og trekvart-sporet er. Så høyrer han nokon som snakkar om «gompar» og følgjer etter dei. Det er Familien Wiltersen med Ronny som Harry snart blir kjent med. Molly Wiltersen viser Harry korleis ein kjem seg til stasjonen (ved å springe inn i murveggen mellom stasjon 9 og 10). Det er viktig at ingen gompar oppdagar dei, så dei må springe i murveggen på riktig tidspunkt.

I den andre boka stengjer husnissen Noldus portalen til stasjon ni og trekvart for Harry og Ronny, så dei ikkje kjem seg inn. Dei rekk ikkje toget, så Ronny foreslår at dei tek den flygande bilen istaden og flyg til Galtvort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harry Potter og Dødstalismanene av J.K. Rowling.
  • Harry Potter og Halvblodsprinsen av J.K. Rowling.
  • Harry Potter og Mysteriekammeret av J.K. Rowling.
  • Harry Potter og fangen fra Azkaban av J.K. Rowling.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]