Stadhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stadhavet
hav
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad kommune
Kart
Stadhavet
62°10′03″N 4°54′36″E / 62.167550025°N 4.9100305694444°E / 62.167550025; 4.9100305694444

Stadhavet er eit havstykke utanfor Stad i Stad kommune i Vestland fylke. Stadhavet er eit av dei mest vêrharde havstykka i Noreg. Farvatnet har krevjande bylgjetilhøve for skipsfart 90 til 110 dagar i året. Kryssande sjø gjev vanskelege styringstilhøve, og vêret kan skifte raskt. Det har vore talrike ulukker og nestenulukker på Stadhavet opp gjennom tidene. Det har i lang tid vore vurdert å byggje ein skipstunnel gjennom Stad, for å skjerme leia. "Kanaltunnel gjennom Stat" var fyrstesidesak i avisa Nordre Bergenhus Amtstidende allereie den 11. september 1874

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]