Stad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stadlandet)

Koordinatar: 62°7′9.4764″N 5°15′20.106″E

Stad sett frå Vågsøy
Stad.

Stad ytst på Stadlandet, der d vert uttala som t, er ei halvøy i Stad kommune. Området kring Stad er kjend som ei av dei mest vêrharde strekningane langs kysten av Noreg.

Halvøya stikk ut i havet og utgjer den nordvestlegaste delen av Sogn og Fjordane fylke. Fjellet ytst på Stad heiter Kjerringa, og vert òg kalla Vestkapp. Namnet vart nytta frå 1980-talet for å lokka turistar til landet lengst i vest. Staden vert ofte omtala som det vestlegaste punktet i Noreg, men Vardetangen i Austrheim ligg noko lengre vest. Stad ligg ved 62 grader nord, som ved mange høve vert nytta som ei grensline mellom Nordsjøen og Norskehavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tysk forsvarsstilling frå 2. verdskrigen.

I området er det mange restar av tyske byggverk frå andre verdskrigen. Festningsverka vart for det meste bygde av fangar frå Aust-Europa. Sør for Kjerringa ligg bygda Ervik. Utanfor Ervik vart hurtigruta D/S «Sanct Svithun» ved eit mistak bomba av britiske fly i 1944. Folk i Ervik gjorde ein stor innsats for å redda overlevande; mellom anna reiste nokre ut på havet i små båtar i storm. Skipsklokka frå «Sanct Svithun» heng i dag i kapellet i Ervik.

Midt på Stad er Dragseidet. Namnet kjem av at ein bruka å dra båtane over Stad der det var enklast og kortast veg. Båtane vart dregne frå Leikong i nord til Drage i sør. På Dragseidet vart fire fylke kristna i 997. Det er sett opp eit minnesmerke over kristninga på eidet. Dragseidspelet vert spela om somrane, nesten kvart år. Spelet handlar om hendingane då kristendomen kom.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Havet utanfor Stadlandet vert kalla Stadhavet og er eit farvatn med krevjande bylgjetilhøve for skipsfart 90 til 110 dagar i året. Kryssande sjø gjev vanskelege styringstilhøve.

Mange sjøfararar og kystbuarar ynskjer ein tunnel gjennom halvøya. Den tenkte «Stad Skipstunnel» er eit anlegg som skal ha rom for skip med 21 meter seglingshøgd, 18 meter breidd og 8 meter djupne. Tunnelen er rekna å kosta 700 millionar kroner (2002). Med ein slik tunnel vil heile skipsleia frå Stavanger til Molde vera samanhengjande (relativt) skjerma. Tunnelen skal etter planen gå frå inst i Kjødepollen til Moldefjorden. Her er Stad på det smalaste. Ulike planar om å laga tunnel har vore lansert opp gjennom tidene. «Kanaltunnel gjennom Stat» var førstesidesak i avisa Nordre Bergenhus Amtstidende allereie den 11. september 1874.

Meteorologisk institutt har til ei kvar tid spesialvarsel med refraksjonsdiagram for farvatnet utanfor Stad på internett.

Vêrtilhøva gjer at Stadlandet er eit aktuelt og attraktivt område for utbygging av vindmøllepark, men det er òg interessant mellom anna for ornitologar. Styresmaktene har ikkje gjort noka endeleg avveging av dei kryssande nærings- og miljøinteressene i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]