Stadnamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stadnamn er ei nemning på namn på ein geografisk stad. Eit stadnamn kan til dømes ha opphav i eit gardsnamn.

Norske stadnamn[endre | endre wikiteksten]

Lov om stadnamn er ei lov som regulerer offentleg bruk av stadnamn i Noreg. Etter lova skal alle skriftformer som er endeleg fastsette, verte registrerte i Sentralt stadnamnregister (SSR).

I dei norske polarområde, det vil seie Svalbard, Jan Mayen, Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy er det Norsk Polarinstitutt]] som har heimelen for handsaming av stadnamn. Etter retningslinene for namngjeving i polare område skal slike namn som hovudregel skrivast på nynorsk.[1]

Fastsetting av skrivemåten for stadnamn[endre | endre wikiteksten]

I Noreg skal skrivemåten for stadnamn fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.[2] Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp. Det skal takast omsyn til tidlegare normeringspraksis så langt ein kan gjere det utan å komme i strid med lova.[3]

  • Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk. Han kan likevel ikkje å endre eller byte ut bruksnamn som fell saman med nedervde stadnamn eller gardsnamnet.
  • Kommunen gjer vedtak om skrivemåten av offisiell adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater og vegar, torg, bustadfelt m.v.
  • Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.
  • Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av andre stadnamn.

Før det vert gjort vedtak som gjeld stadnamn, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg:

  • Eigar eller festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn, og for gardsnamn, når det gjev føringar for korleis bruksnamnet skal skrivast. Synspunkta til eigaren skal tilleggjast særskild vekt.
  • Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til.
  • Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv.
  • Fylkeskommunane har rett til å uttale seg når namnet gjeld eit område som femner vidare enn ein kommune.

Før vedtak om skrivemåte blir gjort, skal statens namnekonsulentar gi tilråding om skrivemåten.

Stadnamna som kulturberarar[endre | endre wikiteksten]

Stadnamna er fyrst og fremst adresser, dei er korte og konsise uttrykk som peikar ut éin lokalitet i motsetning til andre lokalitetar. Samstundes ber stadnamna med seg ein kulturhistorisk og naturhistorisk dokumentasjon av samspelet mellom menneske og natur. Gardsnamna fortel noko om korleis landet vart teke i bruk og busett.

Å avgjera nøyaktig kva tid eit stadnamn skriv seg frå, er oftast uråd, namnesoga kan gå to til tre tusen år attende i tida. For dei viktigaste gardsnamngruppene har granskarane kome fram til visse kronologiske periodar.

Alle stadnamn ber ein del av landet si soge. Viktigast er landskapsnamna og namn på kjende naturlokalitetar, byar, bygder og andre område med viktige funksjonar. Likevel er dei om lag 50 000 norske gardsnamna den gruppa som samla sett har hatt mest å seia i ein busetnadshistorisk samanheng.

Kulturhistorisk spelar gardsnamna ei særskilt rolle ved at dei fleste òg er nytta som slektsnamn. Nordmennene er truleg det folket i Europa som i størst grad har teke gardsnamn som slektsnamn. Når stadnamna vert normerte etter prinsippa i Lov om stadnamn, vil skrivemåten ofte skilje seg frå skrivemåten som har vore vanleg i slektsnamna. Slik normering vil difor ofte føre meg seg konfliktar. Det har likevel vore sett som eit nasjonalt mål å normere skrivemåten for stadnamna, sidan stadnamn er kulturminne som må takast vare på. For å få eit fagleg grunnlag for slik normering, har staten tilsett namnekonsulentar for stadnamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]