Stadshotell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haparanda Stadshotell

Stadshotell, til dagleg kalla Statt eller Stadt, er hotell med restaurant i sentrum av ein stad eller større tettstad.

Historisk oppstod stadshotella på slutten av 1800-talet i samband med utbygginga av jernbanenettet. I og med at handel og industriell verksemd auka, auka òg behovet for overnatting. Fram til då hadde ein fått skaffa overnatting gjennom gjestgjevarstader eller privat utleige av rom på større stader. Stadshotella var derimot påkosta bygg og var på dei fleste stadene den dyraste losjeringa og eit av dei mest påkosta bygga etter kyrkjer og rådhus.

Forutan sjølve hotellromma bygde ein òg restaurantar på botnplanet i hotella. Restaurantane var òg eksklusive og hadde dans på helgekveldane. Ofte vart stadshotellet sjølve midtpunktet i utelivet på ein stad, særskilt på mindre stader. Til og med dei lokale frimurarlosjane og andre organisasjonar la ofte møta sine til stadshotella.

Nye reisebehov og utestader kom frå 1950-talet og framover til å utkonkurrere mange stadshotell som med tida har blitt lagt ned. Frå den gamle tida finst det no berre eit fåtal att som framleis er i bruk. Mange andre stadshotell har blitt bygd om for nye behov eller har blitt rivne.