Staffan stalledräng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Staffan stalledräng i eit takmåleri i Dädesjö gamla kyrka. Det blei utført av målarmeistaren Sighmunder seint på 1200-talet.

Staffan stalledreng, eller Stefan stallgut, er ein engelsk og nordisk versjon av soga om den heilage Stefan. Ifølgje soga var Stefan ein tenar hjå Herodes den store, og den første som såg Betlehemsstjerna.[1] Den heilage Stefan er knytt til jula gjennom at festdagen hans, Stefanusdagen, ligg på andre juledag.[1]

I Sverige og Finland er soga om Stefan i dag hovudsakleg knytt til ein julesong kjend som «Staffansvisan», «Sankte Staffan» eller «Staffan var en stalledräng». I dag blir songen som regel framført av stjernegutarluciadagen, men tidlegare var knytt til markeringar av stefanusdagen, som staffansritt. Songen er ei legendevise klassifisert som SMB 39 og TSB B 8. Innhaldet i dei ulike variantane av songen kan variera, men skildrar gjerne Stefan som stallgut, gjetar eller tenar for kong Herodes.

Det finst også danske (DgF 96), færøyske (CCF 167) og norske versjonar av songen. På engelsk finst han som som «St. Stephen and Herod» (Child 22). Denne versjonen fortel at Stefan blir steina til døde på ordre frå Herodes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Markus Tronhaugen (26.12.2013), – Dette er en festdag med lange tradisjoner, NRK Nordland 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Saint Stephen and Herod ved Wikisource.

Wikisource

Teksten til Staffansvisan ved Wikisource (sv).