Staffansritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Staffansritt eller steffanritt er ein gammal skandinavisk folketradisjon knytt til annandag jul, stefansdagen. Skikken er særleg knytt til svensk tradisjon, men er også kjend frå Noreg. Tradisjonen omfatta ulike former for hesteritt, gjerne kappløp haldne av unge menn.

Skikken har norrøne røter, og kan vera knytt til gamle hesteritual eller til Odins ville jakt eller oskoreia. Etter kristninga blei han knytt til soga om den heilage Stefan, ein vernehelgen for hestar som skulle ha vore stallgut for kong Herodes.

Staffansritt kunne gå ut på at presten signa hestane eller at ein reid om kapp til ei særskild heilag eller magisk kjelde. Her kunne ein vatna hestane slik at dei fekk helse og styrke i det komande året. I eit døme frå Hammarland i 1661 blei hestane tekne til ein rennande straum der dei elles aldri pleide vatnast.[1]

Seinare byrja staffansritta å henta innslag frå stjerneguttradisjonen frå trettandedagen, og ein reid i staden rundt om til gardane i nærområdet og song tiggarviser og ein versjon av Staffansvisa. Etterkvart smelta dei to tradisjonane saman. I dag er det vanleg med stjernegutar som syng Staffansvisa i samband med luciadagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olsen, Magnus Bernhard, 1878-1963 (1911), «Staffansritt», Maal og minne, Bymålslaget, s. 398