Staffora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Staffora
elv
Land Flag of Italy.svg Italia
Nedslagsfelt 3 375 km²
Lengd 58 km
Kjelde Dei liguriske Appenninane
 - høgd 1 343 moh.
Munning Po, vest for Cervesina

Staffora er ei elv i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Po frå høgre. Ho er truleg same elv som romarane kalla Iria.

Elva har utspring i Dei liguriske Appenninane ved Fontana di S. Giacomo (1 343 moh) nær Passo del Giovà, som ligg like aust for fjelltoppen Monte Chiappo i kommunen Santa Margherita di Staffora. Ho renn først gjennom ein djup og smal dal og tar imot småelvane Montagnola og Aronchio frå høgre før ho når Varzi der dalen vert breiare. Vidare mottar ho Nizza ved Ponte Nizza og Ardivestra ved Godiasco, begge frå høgre. Elva renn gjennom Salice Terme (administrativt ein del av Godiasco) før ho renn ut på Posletta ved Rivanazzano. Staffora passerer så utkanten av Voghera, den største byen langs elva, før ho munnar ut i Po nær Cervesina.

Elva har svært varierande vassføring gjennom året som følgje av varierande nedbørsmengder og smeltevatn og vassføringa har vore registrert til alt frå 0,7 m²/s og 675 m²/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]