Staffordshire Moorlands Pan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staffordshire Moorlands Pan
Dekorasjonane frå alle sidene

Staffordshire Moorlands Pan, nokre gonger kalla Ilam Pan, er ei skål eller trulla frå 100-talet av emaljert bronse med ei innskrift knytt til festningane ved Hadrianmuren. Ho blei funnen i juni 2003 i Ilam parish i Staffordshire av metalldetektorbrukarar. I 2005 blei ho kjøpt av Tullie House Museum i Carlisle, Potteries Museum i Stoke-on-Trent og British Museum i London i fellesskap, med eit støttebidrag frå Heritage Lottery Fund på 112200 pund. Skåla er rekna som eit viktig nasjonalt og internasjonalt funn.[1] Ho går på omgang mellom eigarmusea og andre utstillingar, som Arbeia museum i South Shields, nær austenden av Hadriamuren, og utstillinga Celts ved National Museum of Scotland i Edinburgh.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Staffordshire Moorlands Pan manglar handtak og botn, men er elles i svært god stand. Skåla er laga av emaljert bronse (strengt tala ei kopparlegering) og er eit ilåt som kan brukast til å laga eller servera mat i, men er også dekorert i ein keltisk stil med innskrifter. Keltiske folk på romartida brukte mykje meir emalje på metall enn andre delar av Romarriket. Skåla veg 132,5 g og er 47 mm høg med ein diameter på 94 mm på det største, og ein diameter på 54 mm ved basen.[3]

Fullstendig trulla i sølv

Dekorasjonen er åtte runde ornament med raud, blå, turkis og gul emalje.[4] Det er gjort framlegg om at gjenstanden, i tillegg til å vera funksjonell som skål, kan ha vore ein «souvenir» frå Hadrianmuren, laga for ein soldat som tente der. Ho kan også ha blitt laga som ei pynteskål og blitt gjeve innskrifta seinare.[5]

Innskrifta rundt kanten er gravert og så fylt med emalje. Ho nemner festningar ved muren: MAIS (Bowness-on-Solway), COGGABATA (Drumburgh), VXELODVNVM (Stanwix), CAMMOGLANNA (Castlesteads). Den siste delen, RIGORE VALI AELI DRACONIS, er mindre likefram i tyding, men viser til muren, VALI, og truleg ein soldat, DRACO. AELI kan vera del av namnet hans, men var også familienamnet til keisar Hadrian, slik at det kan ha høyrt til VALI og tyda på at romarane kalla muren 'den aelianske muren'.

Det er funne samanliknbare trullaer, og to med inskripsjonar knytte til muren. Innskrifta er ein ganske trygg indikasjon på at gjenstanden blei laga lokalt. Ved å sjå på desse andre funna kan ein gå ut frå at handtaket på denne også var flatt, og hadde emaljedekorasjonar på oversida. Funnet frå Wiltshire kjent som Rudge Cup har ein annan fasong, men nemner også festningar ved muren. Amiens Skillet eller Amiens Patera, som blei funnen i Amiens i Frankrike, har også slike innskrifter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Staffordshire Moorlands Pan Article and Photos». treasurehunting.tv. 12 May 2007. Arkivert frå originalen 27 September 2007. 
  2. «trulla | British Museum», The British Museum (på engelsk), henta 27. juni 2022 
  3. BM collection database
  4. BM collection database
  5. Jackson, 2012, p.58
  • «The Staffordshire Moorlands Pan». British Museum collection database. Henta 5 December 2018. 
  •  Jackson, Ralph (2012). «The Ilam pan». I Breeze, David J. The first souvenirs : enamelled vessels from Hadrian's Wall. CWAAS extra series, no.37. Carlisle: Cumberland and Westmorland Antiquarian and Archaeological Society. s. 1–136, p.41–60. ISBN 9781873124581.