Hopp til innhald

Staffordshire bull terrier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staffordshire bull terrier

Staffordshire bull terrier[1][2] (FCI #076) er ein mellomstor britisk terrierrase som kan ha oppstått i Staffordshire, sjølv om opphavet er både usikkert og omdiskutert. Typen blir utkrystallisert i siste halvdel av 1800-åra. Staffordshire bull terrier er også kjend under tilnamna staff og staffe i Noreg. I 2016 var rasen den mest populære i Oslo målt i talet på nye kvalpar.[3] I 2019 var han den mest populære rasen i Tromsø.[4] Han var nest mest populær i Noreg samla sett i 2019[5]

Rasen er forboden i mange land, då ein meiner han kan vera farleg for menneske.[6]

Opphav og alder

[endre | endre wikiteksten]
Bull terrier og staffordshire bull terrier.

Staffordshire bull terrier er truleg eit resultat av kryssingar mellom lokale terrierar og bulldoggar, men forholdet mellom desse er ukjent. Rasen stammar frå England, der liknande hundar blei brukte til baiting (slåstkampar mellom dyr), som okse- og hundekampar. Slostkampar mellom dyr var vanlege på Dei britiske øyane frå midten av 1100-talet og framover, men det er uvisst om kamphandlingane blei utførte med ein spesiell type hund. Kolgravardistriktet i Staffordshire var neppe noko unntak, der typen blir hevda å ha oppstått og som har gjeve namn til hunderasen.

Lysebrun staffordshire bull terrier.

Staffordshire bull terrier er ein middels stor hunderase med ein kompakt og svært muskuløs kropp med høvesvis korte bein, eit stort hovud med svært veldefinerte kjevemusklar og ein korthåra, glatt pels. Godkjende fargar i rasestandarden er raud, fawn (lysebrun), brindel, svart og blå. Kvar av desse fargane i kombinasjon med kvitt er også godkjende (populært kalla pied.) Black and tan eller leverfarge blir rekna som grove feil og er svært uønskte.

Samanlikna med amerikansk staffordshireterrier (amstaff) og pitbullterrier er staffordshire bull terrieren kortare og meir kompakt. Han er også mykje mildare i veremåten i høve til dei to førstnemnde rasane. Mankehøgd på vaksne individ er mellom 35,5 og 40,5 cm i forhold til vekta. Rasestandarden seier at hannhundar skal vega mellom 12,7 og 17 kg, medan tisper skal vega mellom 11,0 og 15,4 kg. Det finst hannhundar på over 20 kg, men dette er ikkje ønskjeleg.

  1. «Staffordshire bull terrier». Norsk Kennel Klubb. Henta 22. juli 2019. «Staffordshire bull terrier er en hunderase med røtter blant både terriere og molossere.» 
  2. «Rasestandard – Staffordshire bull terrier» (PDF). Fédération Cynologique Internationale, oversatt av Norsk Kennel Klubb. Henta 22. juli 2019. «RASEBESKRIVELSE FOR STAFFORDSHIRE BULL TERRIER» 
  3. Videojournalist, Øyvind Tveter (24. januar 2017). «Muskelhunden Staffordshire bull terrier er blitt Oslos mest populære rase. Det kan by på utfordringer.». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2020. «Nye tall fra Norsk Kennel Klub viser at det ble registrert 100 hvalper i hovedstaden i 2016. Aldri før har så mange skaffet seg denne rasen.» 
  4. Karlstrøm, Ronald Johansen (foto),Trond (5. februar 2020). «Dette er den mest populære hunderasen i Tromsø». itromso.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 17. januar 2022. Henta 1. mars 2020. «Hunderasen staffordshire bull terrier er den mest populære hunderasen i Tromsø kommune, viser fersk statistikk fra Norsk Kennel Klub.» 
  5. «Dette er den mest populære hunderasen i Norge». www.ha-halden.no (på norsk). 28. januar 2020. Henta 1. mars 2020. «På andreplassen havnet Staffordshire bull terrier med 1000 nyregistrerte valper i 2019. Det er også viktig å huske at «staffen» ikke lar seg pille på nesa. Dette er veldig sterke hunder, både fysisk og mentalt som ikke vil motstå provokasjon fra andre hunder.» 
  6. «List of banned dog breeds by countries», Petolog.com, 29. oktober 2022

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Staffordshire bull terrier