Hopp til innhald

Stafylokokkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stafylokokkar
Systematikk
Domene: Bakteriar Bacteria
Rike: Bacillati
Rekkje: Bacillota
Klasse: Bacilli
Orden: Caryophanales
Familie: Staphylococcaceae
Slekt: Stafylokokkar Staphylococcus
Rosenbach, 1884

Stafylokokkar eller Staphylococcus (frå gresk σταφυλή, staphylē, drueklase og κόκκος, kókkos, ‘liten partikkel’) er ein type gram-positive bakteriar. I mikroskop ser bakteriane runde ut og opptrer i drueklaseaktige samlingar. Det finst 32 artar av stafylokokkar og åtte underartar. Stafylokokkar opptrer i normal florahuda og på slimhinner. Sjølv om bakterien stort sett er harmlaus, kan han også forårsaka alvorlege, potensielt livstruande infeksjonar.

Sjukdom og smitte

[endre | endre wikiteksten]

Stafylokokkane kan forårsaka ei rekkje ulike sjukdommar hjå menneske og andre dyr. Dei angrip menneske anten gjennom giftstoffproduksjon (toksin) eller direkte invasjon. Stafylokokktoxiner er ei vanleg årsak til matforgifting, og stammar frå mat som ikkje er oppbevart forsvarleg. Sjølv om bakteriane døyr gjennom matlaginga er toksinane motstandsdyktige mot slik varmebehandling. Invasjon kan potensielt skje til alle organa til kroppen og skapa betennelse. Det vanlegaste er infeksjonar i huda. Stafylokokkinfeksjonar er karakteriserte ved puss, byllar og abscessar. Stafylokokkar er den vanlegaste årsaka til lokale hudinfeksjonar som kviser, byllar, kongar osb. S. aureus kan også forårsaka svært alvorlege infeksjonar som lungebetennelse, hjernehinnebetennelse, beinbetennelse, endokarditt og sepsis (blodforgifting). Desse stafylokokkinfeksjonane finst særleg hos eldre personar og pasientar som er svekte av annan sjukdom, og er eit problem på pleieheimar og sjukehus. Gjennom toksina sine kan S. aureus også forårsaka matforgifting og toksisk sjokk-syndrom (TSS).

Stafylokokken smittar gjerne direkte frå person til person, t.d. hand til hand, eller ved dropesmitte. Både sjuke og friske berarar kan vera smittsame.

  • Den vanlegaste sjukdomsframkallande stafylokokkbakterien er gule stafylokokkar (Staphylococcus aureus), som m.a. lett infiserer sår. Meticillinresistent Staphylococcus aureus (MRSA) er eit stort problem i mange land og forårsakar mange sjukehusinfeksjonar. Førebels er bakterien under kontroll ved norske sjukehus.
  • Kvite stafylokokkar (Staphylococcus epidermidis) er ein del av den menneskelege normalfloraen på huda, men kan av og til gje ein hudinfeksjon særleg hjå immunsupprimerte pasientar, og er dessutan ein ikkje uvanleg årsak til betennelse på hjarteklaffar (endokarditt).

Biokjemisk identifisering

[endre | endre wikiteksten]

Gule stafylokokkar er beta-hemolytiske. Kvite stafylokokkar er ikkje hemolytiske. Begge er katalaseproduserende.