Stained Class

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stained Class
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 10. februar 1978
Innspelt Oktober og november 1977, Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire og Utopia Studios i London (spor 3)
Sjanger Heavy metal
Lengd 43:40
Selskap CBS, Inc. (UK)
Columbia Records (US)
Produsent Dennis Mackay, Judas Priest, James Guthrie (spor 3)
Judas Priest-kronologi 
Sin After Sin
(1977)
Stained Class Killing Machine
(1978)


Stained Class er det fjerde albumet til den britiske heavy metal-gruppa Judas Priest. Det kom ut i februar 1978 og er et første av to album med trommeslagaren Les Binks. Det vart kjend for dei mørke tekstane og emna, i tillegg til ei sivil rettssak i 1990 der bandet vart skulda for å ha skjulte meldingar i ein song som fekk to tenåringar til å utføra sjølvmord. Stained Class vart seinare kåra til det beste Judas Priest-albumet på Stereogum.com[1] og vart skildra av Steve Huey på Allmusic.com som «Judas Priest på sitt beste.»

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Stained Class er det einaste Judas Priest-albumet der alle fem medlemmane har blitt oppført som låtskrivarar. Men frå dette tidspunktet og framover vart Glenn Tipton hovudgitaristen i bandet, og skreiv dei fleste songane i lag med Rob Halford. K.K. Downing spelar berre soloar på «Savage» og den andre soloen på «Beyond the Realms of Death» og «Heroes End», medan resten berre er Tipton aleine eller dei to i lag. Den nye trommeslagaren Les Binks var medlåtskrivar på «Beyond The Realms Of Death» for den akustiske introen.

Plateomslaget vart laga av Rosław SzayboCBS Records og introduserte den no klassiske Judas Priest-logoen, som erstatta den gotiske logoen som hadde blitt brukt på dei førre album. Stained Class var det første albumet til Judas Priest som gjekk inn på Billboard 200-lista og selde sidan til gullplate i USA.

Dennis MacKay vart henta inn av CBS Records for å produsere albumet. Han hadde tidlegare hovudsakleg produsert jazzfusion-artistar i tillegg til David Bowie, Supertramp, og andre. Han gjorde det til oppgåva si å reinske opp den tungvindte låtskrivarstilen til bandet og fekk dei til å skrive kortare og meir direkte låtar. Innspelinga for Stained Class fann stad i oktober og november 1977 i Chipping Norton Recording Studios i London.

Albumet var det tyngste bandet hadde gjeve ut til då og tekstane var ofte mørke og valdelege. Songane hadde berre små hint av progressiv rock.

«Better By You, Better Than Me» vart lagt til albumet i siste augneblink då CBS Records insisterte på å ta med eit meir kommersielt spor for å gje meir liv til albumet, som hovudsakleg har ein særs mørk og uhyggeleg undertone. Han vart spelt inn på ei eiga innspeling med James Guthrie, sidan Dennis MacKay då var oppteken med andre prosjekt. Bandet var visstnok imponert over produksjonsarbeidet til Guthrie på «Better By You, Better Than Me», sidan han stod fram i forhold til den tynnare, flate lyden som hadde plaga albuma deira til då, og dei bad han produsere det neste albumet deira, Killing Machine.

«Beyond The Realms Of Death» var den einaste songen frå Stained Class som vart mykje spelt på konsertane deira, 492 gonger fram til og med 2012. Tittelsporet har blitt spelt fleire gonger av Halford utafor Priest, medan Judas Priest berre har spelt tittelsporet tre gonger på konsertar, to gonger i 1978 og ein gong i 2005.[2]

Stained Class vart nymastra i 2001 med to bonusspor.

Kontrovers rundt «Better by You, Better Than Me»[endre | endre wikiteksten]

Ti år etter Stained Class kom ut fekk det mykje negativ merksemd på grunn av eit sivilt søksmål mot bandet i 1990. Tenåringen James Vance inngjekk ei sjølvmordspakt med venen Ray Belknap etter å visstnok ha lytta til «Better By You, Better Than Me» den 23. desember 1985, og familien hans saksøkte no bandet. Belknap klarte å ta livet av seg, medan Vance vart kritisk skadd etter å ha skote seg sjølv i hovudet, men overlevde, før han døydde av komplikasjonar tre år seinare. Søksmålet hevda at Judas Priest hadde spelt inn skjulte meldingar i songen som ba dei «gjere det». Søksmålet vart til slutt avvist. Songen vart opphavleg skriven og framført av bandet Spooky Tooth.

Tre veker etter søksmålet vart avvist, starta bandet Painkiller-turneen sin med å spele «Better By You, Better Than Me» på den første konserten i Burbank i California den 13. september. Dette var einaste gongen Judas Priest framførte songen på konsert etter 1979.

Komikaren Bill Hicks gjorde narr av søksmålet og peikte på kor absurd det var at eit suksessrikt band ønskte å ta livet av fansen som kjøpte musikken deira.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[4]

I 2005 vart Stained Class rangert på 307. plassen på lista til magasinet Rock Hard over dei 500 beste rock- og metal-albuma gjennom tidene.[5] Albumet vert rekna som innverknadstungt for sjangrane speed metal og thrash metal. Det vert òg rekna som ein tidleg indikasjon på new wave of British heavy metal-rørsla.

Sjølv om Stained Class gjorde det godt i Storbritannia og nesten selde like godt som Sin After Sin, nådde det berre så vidt Billboard 200 i USA. Bandet var òg relativt ukjende i USA på den tida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Exciter»Rob Halford, Glenn Tipton5:34
2.«White Heat, Red Hot»Tipton4:20
3.«Better by You, Better Than Me» (Spooky Tooth-song)Gary Wright3:24
4.«Stained Class»Halford, Tipton5:19
5.«Invader»Halford, Tipton, Ian Hill4:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Saints in Hell»Halford, K.K. Downing, Tipton5:30
7.«Savage»Halford, Downing3:27
8.«Beyond the Realms of Death»Halford, Les Binks6:53
9.«Heroes End»Tipton5:01
Bonusspor frå 2001-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Fire Burns Below» (Innspeling under innspelinga av Ram It Down i 1988)Halford, Tipton6:58
11.«Better by You, Better Than Me» (Live frå Foundations Forum i Los Angeles i California; 13. september 1990)Wright3:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Billboard Pop Albums 104

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[6] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Judas Priest Albums From Worst To Best». www.stereogum.com. Henta 14. september 2016. 
  2. ‘Stained Class’ in Judas Priest setlists
  3. Hicks, Bill; Lahr, John (2004). Love All the People: Letters, Lyrics, Routines. Constable & Robinson. ISBN 1-84119-878-1. Henta 14. september 2016. 
  4. «Stained Class review». AllMusic. 
  5. [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 89. ISBN 3-89880-517-4. 
  6. «American album salstrofé – Judas Priest – Point of Entry». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]