Stakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stakittgjerde

Stakitt er ein gjerdetype laga av loddrette lekter eller plankar festa til eit par vassrette spikarslag. Lektene er ofte spissa eller utskorne på toppen.

Ordet stakitt kjem via lågtysk frå italiensk og er avleidd frå stecca, 'liten stokk'.[1]

Stakittgjerde er gjerne måla, og kan ofte vera kvite. Sjølv om dei tradisjonelt er av tre, finst det no også stakittgjerde laga av materiale som PVC.[2]

The Picket Fence (1925) av den amerikanske målaren George Bellows.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Stakittgjerde, særleg kvitmåla variantar, har ein ikonisk status i USA som ein del av den ideelle forstadsbustaden.[3] I tidlegare tider hadde mange område reglar som kravde at ein hadde kvitt stakitt langs eigedomsgrensene sine.[4]

I kritikkar av forstadslivet kan stakittgjerdet brukast som eit ironisk symbol, til dømes i filmen Blue Velvet av David Lynch.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Historiske bilde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «stakitt» i Nynorskordboka.
  2. «Stakitt». Norgesgjerde. Henta 23. september 2018. ; «Ofte stilte spørsmål». Norgesgjerde. Henta 23. september 2018. 
  3. Xiong, Nzong (3. mars 2008). «White picket fences appease homeowners». TuscaloosaNews.com. Arkivert frå originalen 2. september 2015. 
  4. «White Picket Fences». Landscaping Ideas Online. 19. januar 2012. 
  5. Connolly, Matt. «See It Big: Blue Velvet». Reverse Shot. Reverse Shot. Arkivert frå originalen 7. august 2013. Henta 27. april 2013.