Stakketuft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stakketufter på høgdedrag, nær Folkvord i Sandnes kommune

Stakketufter, òg kjent som høystakktuft, alvedans eller stakkis, er kulturminne som hovudsakleg er kjente frå Jæren og øyane i Ryfylket. Dei ligg som regel i tilknyting til utmark.[1] Dei blei brukt til tørking av slått frå marginale utmarksområde som supplement til ordinær fôrproduksjon. Stakketufta er karakterisert som regelmessige fordjupingar og forhøgingar i landskapet. Namnet «alvedans» er kjent frå førmoderne tid der ein trudde at alvar dansa i ring og danna dei sirkulære grøftene. I den nordiske mytologien har alvar tilknyting til hav, elver, vatn og våtområde.[2]

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Stakketufter blir laga ved at ein grev ei grøft rundt eit avskilt område der massane frå grøfta blir deponert inn mot midten. Midtområdet blir såleis liggande noko høgare enn området rundt stakketufta. Dette gir ein sjølvdrenerande effekt som gagnar tørning av slått og motverkar råte. Forma er ofte kvadratisk eller rektangulær med avrunda hjørne, men overordna tilpassast dei den lokal topografi. Stakketufter kan anten ligga i rydda lende, eller brukar nærliggande jordfast stein. Dei er utforma rektangulært eller kvadratisk, og omgitt av ein liten handgrava dreneringsgrøft. Tverrmåla er varierande, men ofte mellom 5-10 meter.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Stakketufter ligg både åleine eller i klynger opp til 10-12 stykke.[3] Dei blir plassert bær eller i område som ikkje er jordbruksjord, det vil seie utmark, myr eller blautområde. Dette grunnast med at dei skal fungere som fôrdeponi. Grøftene er gravne for å lage ei tørr indre forhøging til lagring av høy og lyng slått på marginale område. Dei ligg som regel øvst på høgdedrag i eller nær utmarks- eller våtområde.

Datering[endre | endre wikiteksten]

Profilen til ei stakketuft. Fyllskifte indikerar fleire oppgravingar

Stakketufter er «negative» strukturar i form av at dei ikkje har eige materie, men berre eksistera ved at ein grev opp ei sirkulær grøft og kastar massane mot midten av strukturen. Grunna at grøftene på stakketufta blei spadd opp i jamne mellomrom for å unngå gjengroing er det særs vanskeleg å få eit godt dateringsgrunnlag frå etableringa av strukturen. Stakketufter har blitt datert til folkevandringstida (440-550 e-kr), men har blitt brukt i heile det førmoderne landbruket.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Engedal 2012: 100, Skjølsvold 1962: 171f
  2. Lillehammer 2005: 124
  3. Lillehammer 2005
  4. Lillehammer 2005

Litteraturliste

  • Engedal, Ø. 2012. KULTURMINNEVURDERING. Massedeponi ved Austvoll,  Sandnes k., Rogaland v.2. Rådgjevande Akreologar. Rapport  20/2012.
  • Lillehammer, G. 2005. Konflikter i landskapet. Kulturminnevern og kulturforståelse: Analyse av alvedans og utmarksmiljø i Hå kommune i Rogaland, SV-Norge. AmS-Nett nr. 1. Arkeologisk museum i Stavanger.
  • Skjølsvold, A. 1962. Er alvedansene på Jæren gamle lyngstakktomter? Frá haug ok heiðni 1962, nr. 3: 168-172