Stalinistisk arkitektur
Stalinistisk arkitektur (russisk ста́линский ампи́р, 'Stalins empire-stil', eller ста́линский неоренесса́нс, 'Stalins neorenessanse'), også omtalt som Stalin-gotikk eller sosialistisk klassisisme, viser til arkitekturen i Sovjetunionen mellom 1933, då Boris Iofan sitt forslag til Sovjetpalasset blei offisielt godkjent, og 1955 då Nikita Khrusjtsjov fordømte «feilstega» i dei føregåande tiåra og la ned Det sovjetiske akademiet for arkitektur.
Stalinistisk arkitektur har tilknytingar til sosialistisk realisme-tradisjonen i kunst og arkitektur.
Gjennomslag[endre | endre wikiteksten]
Dei mest framståande døma på denne stilen er kanskje Dei sju systrene i Moskva som er bygga i ein kombinasjon av russisk barokk og gotisk stil, og med teknologien som blei brukt til å bygga dei amerikanske skyskraparane. Sjælv om det blei bygga mange liknande bygningar i andre sosialistiske land, er det berre Kultur- og vitskapspalasset i Warszawa som kan måla seg med desse.
Også i Folkerepublikken Kina og andre asiatiske kommuniststatar fekk stiln eit visst nedslagsfelt.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kulturpalasset i Tsjkalovsk i Nizjnij Novgorod oblast bygt i 1940.
Stalinistisk arkitektur på plassen framfor jernbanestasjonen i Minsk
Bostadshus i stadsdelen Nowa Huta i Kraków i Polen. Tidleg 1950-tal.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Stalinistisk arkitektur» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2021.