Stamcelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stamceller)
Embroyale stamceller hos mus farga med fluroscein.
Stamcellekoloni frå menneskeleg embryo på eit næringslag av fibroblastar frå mus.

Stamcelle er celler som har høg cellepotens som kan danna spesialiserte celler.[1] Dei finst i embryo og til ein viss grad i utvaksne organismar, der dei kan reparerar skader og vedlikehalda vev. Innan medisin blir det mykje forska på stamceller som moglege kur mot sjukdom og som opphav til nye organ.[2]

Stamcelle kan ha tre tydingar:[3] (1) ei kvar forløpercelle, (2) ei celle med dotterceller som kan differensiera til andre celletypar, (3) ei celle som kan oppretthalda si eiga mengd samstundes som ho kan utvikla ei eller fleire spesialiserte etterkommarar.

Klassifisering av stamceller[endre | endre wikiteksten]

Stamceller kan klassifiserast ut ifrå kor stort potensial cella har for å differensiera seg til ulike celler. Dette blir kalla potens.

  • Totipotente stamceller, slike celler kan gje opphav til ein heil levande organisme, som t.d. ein zygote.
  • Pluripotente stamceller, kjem frå totipotente celler og kan gje opphav til nesten alle celler. Dei finst i embryo og aborterte foster.
  • Multipotente stamceller, kan gje opphav til fleire celletypar, men berre dei som høyrer til i same familie.
  • Oligopotente stamceller, kan berre gje opphav til nokre få celler, som lymfe og myeliniserande stamceller.
  • Unipotente celler, kan produsera éin celletype, sin eigen. Det er usemje om denne typen celle skal klassifiserast som ei stamcelle .

Stamcellene har ofte namn etter der dei er isolert frå. Til dømes finst det benmargsstamceller, muskelstamceller, fosterstamceller, embryonale stamceller osb.

Stamceller i embryo[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei gena som er involverte i reguleringa av utviklinga av ein organisme har stort sett vore uforandra under evolusjonen. Etter at egget er befrukta av ei sædcelle dannar det ein zygote. Denne byrjar å dela seg og dannar ei samling celler som blir kalla ein blastocyst. Celler frå denne cellekolonien er pluripotente (dvs. dei kan gje opphav til nesten alle andre celler) og kan gje opphav til ein heil organisme om ein tek dei frå blastocysten og får dela seg under spesielle tilhøve. Desse cellene blir kalla for embryoale stamceller. Ikkje alle cellene er like potente lenger på blastocyst-stadiet. Etterkvart differensierer cellene seg til meir spesialiserte celler, gastrulasjonsstadiet.

Forløparcellene deler seg raskt, igjen og igjen, slik at blir danna tusenvis danna av celler som alle stammar frå den same cella. Etter kvart byrjar dei nye cellene å spesialisera seg, og til slutt får ein ferdig spesialiserte celler (mogna celler). Ein seier at cellene differensierer seg frå stamceller til spesialiserte celler. Døme på spesialiserte celler er nerveceller, raude og kvite blodceller, hudceller, muskelceller osb. Medan det er svært mange spesialiserte celler i kroppen, er det svært få stamceller. I beinmargen finst det til dømes stamceller som dannar blodceller. Stamcellene som lagar blodceller utgjer berre 0,01% av den totale mengda celler i beinmargen.

Stamceller har likskapar med kreftceller. Om ei embryoal stamcelle eller eit heilt embryo blir transplantert til ein stad i ein utvaksen kropp dannar ho ein spesiell kreftsvulst som gjev opphav til fleire typar celler.

Stamceller hjå vaksne[endre | endre wikiteksten]

Cellene i kroppen har avgrensa levetid, og celler som døyr, blir raskt erstatta med nye hjå friske individ. Ein har rekna ut at vaksne menneske kvart einaste sekund produserer heile 17 millionar nye celler. Av desse er omkring 12 millionar nye blodceller Det er stamcellene som er ansvarlege for denne enorme produksjonen av celler.[4] Stamceller finst truleg i alt vev og alle organ i kroppen. Når ei stamcelle deler seg, kan det dannast både nye stamceller (sjølvfornying) og forløparceller.[5]

Medan ein veit mykje om der embroyale stamceller kjem frå og arverekkja deira, er det noko usikkert kvar vaksne stamceller kjem frå.

Forsking på stamceller[endre | endre wikiteksten]

Ein forskar på stamceller fordi ein håpar å kunna handsama sjukdomar og for å forstå korleis kroppen fungerer. I dag bruker ein til dømes beinmargstransplantasjon i handsaminga av kreft. Det er stor semje blant fagfolk om at forskinga kan leia til behandling av fleire alvorlege sjukdomar. Forsking på stamceller i dag er kontroversielt fordi det er blitt brukt embryo i forskinga. Pluripotente stamceller er òg blitt funne hjå foster. Fordi abort er kontroversielt, så er òg denne forskinga kontroversiell.[4] Ein har klart å forandra vanlege celler, slik at desse har eigenskapar som pluripotente stamceller, dei blir kalla induserte pluripotente stamceller (iPS).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stamcelle i Store norske leksikon.
  2. «Stamceller», Bioteknologirådet (på norsk bokmål), 7. juli 2010, henta 20. juni 2020 
  3. Stedmans medical dictionary, versjon 6, 2004.
  4. 4,0 4,1 Bios Biologi 2, Lærebok (2008) Marianne Sletbakk, Inger Gjærevoll, Arnodd Håpnes, Ole Johan Borge, Øystein Røsok, Per A. Heskest, Cappelen Damm.
  5. Stamceller, Bioteknologinemda juni 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]