Stamnes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Sandnessjøen kyrkje, som tidlegare het Stamnes kyrkje

Koordinatar: 60°39′50″N 5°45′2″E

Stamnes kyrkje
kyrkje
Stamnes kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Vaksdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Stamnes
Fellesråd Vaksdal
Type Langkyrkje
Arkitekt Peter Høier Holtermann[1]
Material Tre
Innvigd 20. oktober 1861[1]
 - Endringar Påbygd sakresti i 1961
Sitjeplassar 250[2]
Wikimedia Commons: Stamnes kirke

Stamnes kyrkje står på Stamnes på nordsida ytst i Vikafjorden i Vaksdal kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1861.

Stamnes kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Stamnes kyrkje

Kyrkja er teikna av Peter Høier Holtermann og er bygd i tre.

Tidlegare kyrkjer på Stamnes[endre | endre wikiteksten]

Stamnes har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Stamnes-kyrkja nemnd i kjeldene er frå 1328. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje, og ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje tidleg på 1600-talet.[3] Tømmerkyrkja stod til ho vart avløyst av den noverande kyrkja i 1861. Grunnen til at dei bygde ny kyrkje i 1861 var at 1600-talskyrkja var vorte for lita.

Stamnes sokn[endre | endre wikiteksten]

Stamnes kyrkje er soknekyrkje i Stamnes sokn i Hardanger og Voss prosti. Stamnes sokn høyrde fram til og med 1868 til Haus prestegjeld i Nordhordland prosti. I 1869 vart Stamnes og Bruvik sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld, som òg høyrde til Nordhordland prosti. I 1968 vart Vaksdal prestegjeld, som høyrde til Hardanger og Voss prosti, oppretta med sokna Stamnes, Dale, Eksingedalen og Vaksdal. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Stamnes kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 13. april 2009 / 1. august 2016
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Stamnes kyrkje», s. 359
  3. Norges Kirker: «Stamnes kyrkje - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]