Stan Lynch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stan Lynch
Tom Petty and the Heartbreakers 1977 (cropped).jpg
Fødd21. mai 1955 (63 år)
FødestadCincinnati, Ohio, United States
OpphavUSA
Tilknytte artistarTom Petty and the Heartbreakers
Verka somMusikar

Stanley Joseph «Stan» Lynch (fødd 21. mai 1955) er ein amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var den første trommeslagaren i Tom Petty and the Heartbreakers, og spelte med dei i 18 år før han slutta i 1994.[1]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Lynch var fødd i Cincinnati,[2] Ohio, og flytta til Gainesville i Florida tidleg i 1960-åra. Han byrja å spele musikk som barn. Som tenåring i Gainesville, var Lynch fast bestemt på at han skulle leve av musikken. Han sa sidan: «Som barn hadde eg ikkje mange mogelegheiter. Eg var ikkje flink på skulen, eg skulle ikkje på college. Foreldrene mine hadde ikkje pengar.» Han lærte seg å spele gitar og piano, og hadde opphavleg ikkje tenkt å spele trommer.

The Heartbreakers[endre | endre wikiteksten]

Lynch starta å spele for fleire band i Florida, mellom andre Styrophoam Soule og Road Turkey, og då han var 15 år møtte han Ron Blair, som var seks år eldre. «Eg hugsar han skulda meg for å stele ein forsterkar frå han. Eg stal han ikkje, eg berre hjelpte han å bere!»

Lynch flytta til Los Angeles og slo seg saman med venene frå Florida i Tom Petty and The Heartbreakers i 1976. Lynch vart verande med bandet til 1994. Kkort tid etter han slutta vart han for ei stund erstatta av Dave Grohl og så permanent erstatta av Steve Ferrone.

For sin eigen del meinte Lynch at han først byrja å spele bra på det fjerde og femte albumet til bandet, Hard Promises og Long After Dark. «Eg vart lausare, og meir smidig i løpet av åra», sa han, «Når eg lyttar til dei første albuma våre, syns eg at eg høyres stiv ut.» Etter kvart som Lynch vart betre å spele, fekk han fleire tilbod frå andre artistar. Lynch har spelt på album for følgjande artistar:

Etter Heartbreakers[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart vart gnissingane mellom Lynch og petty, som alltid hadde vore der, så store at Lynch valgte å slutte. Den siste konserten hans med the Heartbreakers var 2. oktober 1994, på Bridge School Benefit Concert i Mountain View i California. Då han slutta i bandet flytta han attende til Florida, der han hjelpte den langvarige venen sin Don Henley med å setje saman Eagles-albumet Hell Freezes Over. Han har òg turnert med Eagles. Lynch gav bort alle trommesetta sine og arbeider i dag som produsent og låtskrivar i St. Augustine. Han arbeider òg som trommelærar for ungdomar i Gainesville.

Som produsent har Lynch arbeidd med fleire artistar, som The Band, Eagles, Don Henley, Jackopierce, Joe 90, Scotty Moore og Sister Hazel.

Som låtskrivar har han skrive musikk for fleire artistar som Matraca Berg, Meredith Brooks, The Fabulous Thunderbirds, The Jeff Healey Band, James House, June Pointer, Eddie Money, Toto, Tora Tora, Sister Hazel og Ringo Starr, og albumet What A Cryin’ Shame av the Mavericks.

Tim McGraw spelte inn «Back When», ein song Stan Lynch skreiv med Stephony Smith og Jeff Stevens, for albumet Live Like You Were Dying. Songen nådde toppen av singellista i USA tidleg i desember 2004.

Lynch kom saman att med the Heartbreakers i 2002 då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og spelte på «American Girl» og «Mary Jane’s Last Dance».

Tom Petty sa følgjane om Lynch i boka Conversations with Tom Petty frå 2005:

« Stan var litt yngre enn oss andre. Men han var ein særs god trommeslagar, og han var veldig samvitsfull og arbeidde verkeleg hardt. Og han song bra. Han song harmoni. Han var den fremste harmonisongaren vår før Howie kom inn i bandet. Han var ein kraftstasjon på scenen. Han minna meg på ein måte om Keith Moon. Han var så kraftfull at eg brukte å sei han hadde eit femte gir han kunne gå inn i og verkeleg få alt til å eksplodere. Han var verkeleg god til det, og han kunne songane særs godt. Meg og han hadde særs god kommunikasjon på scenen. Han kunne lese rørsla i skuldra mi. Han kunne gå alle stader eg ønskte at han skulle gå. Han tok aldri augo bort frå meg. Alt eg gjorde vart betont av trommene. Kvar rørsle eg gjorde. Me hadde god augekommunikasjon der eg kunne snu meg og sjå på han, og han visste nøyaktig kva eg ønskte å gjere. »

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The New York Times». The New York Times. Henta 8. mars 2015. 
  2. According to Colin Larkin, Gainesville is Lynch's place of birth.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]