Normert talemål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Standardtalemål)

Normert talemål eller standardtalemål viser til talemål som er rekna som ei nøytral form av eit språk, og som er lite markert av dialekt eller sjargong. Denne språkforma kan også kallast riksmål eller målform, men desse orda har tilleggstydingar på norsk.

Mange land og språk har standardtalemål som til dømes blir brukt i offentleg samanheng, i media eller der talarane har svært forskjellige dialektar. Desse språkvariantane kan ha namn som standard arabisk, standard brasiliansk portugisisk, standard mandarin (kinesisk), Received Pronunciation (britisk engelsk) og riksdansk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.