Standsamfunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Standsamfunn er eit uttrykk som hovudsakleg vert nytta for å skildre korleis eit samfunn er inndelt reint sosialt. I eit standsamfunn vert enkeltmennesket sin sosiale posisjon avgjort ut i frå slektskap - og i liten grad økonomi. Standsamfunn er med andre ord i stor grad prega av sosial rigiditet (mangel på sosial mobilitet).

Eit forenkla døme: Det er lite sannsynleg at sonen til ein bonde vert prest i eit standssamfunn, sidan prestane (i dei fleste høva) høyrer til ei anna stand.

Ein reknar at Noreg gradvis gjekk frå å vere eit standsamfunn til eit klassesamfunn i løpet av den tidlege industrialiseringa, seint på 1800-talet.

Det som kjenneteiknar eit standsamfunn er:

Samfunnsmodellar[endre | endre wikiteksten]

Mykland-modellen - bysamfunnet Trondheim[endre | endre wikiteksten]

Den bedre stand
Embedsmenn og storhandelsmenn
(storgrossistar)
Borgerstanden
Mindre handelsmenn
(t.d. krambu-eigarar eller vertshushaldarar)
Den ringere stand
Soldatar, tenestefolk, tiggarar, osv.

Knut Mykland sette opp den her modellen over standsamfunnet, etter å ha forska på levekåra i Trondheim:

Den her modellen tok for seg inndelinga i stender i bysamfunnet Trondheim, og har difor ikkje med samfunnsgrupper som t.d. bønder. Mykland fokuserte hovudsakleg på levekåra til dei skilde samfunnsgruppene.

Det går fram frå den her modellen at dei tre samfunnsgruppene (stendene) er praktisk tala totalt avsondra frå kvarandre. Det skjer ikkje sosiale utvekslingar mellom stendene. Mykland-modellen tek òg med respekt- og maktforholdet i standsamfunnet, ved at den standen med størst medfødd makt/respekt ligg øvst, medan «den ringere stand» ligg nedst.


Seip-modellen - med overgangen til klassesamfunnet[endre | endre wikiteksten]

Nils Arup Seip la større vekt på institusjonane som bygde opp standsamfunnet og utvikla ein modell som er meir omfattande enn den Mykland nytta til å skildre det sosiale samkvemet i Trondheim.

Tre heilt skilde samfunn
Embetsmannstand Borgarskap Bondestand
Rik Rik Rik
Mindre rik Mindre rik Mindre rik
Fattig Fattig Fattig
Akademikarar Handels- og
bysamfunn
Jordbruks
eller
bondesamfunn

I modellen til Seip ser vi i endå større grad den store sosiale avstanden mellom stendene. Det går klart fram at det er lite sosialt samkvem mellom bondestanden og borgarskapen. Han tek òg høgde for sosiale (i hovudsak økonomiske) skilje innan stendene, noko som vert særs viktig når Noreg gradvis går frå å vere eit standsamfunn til å verte eit klassesamfunn.

Overgang til klassesamfunnet[endre | endre wikiteksten]

Under overgangen til det kapitalistiske klassesamfunnet ser ein at dei som sit på toppen i kvar stand (dei rikaste) søkjer saman i eit klassesamhald, til liks med dei som er på botnen (dei fattige). Igjen sit ein mellomklasse, som etterkvart viste seg å vekse seg heilt dominerande i forhold til dei andre klassane.

Rundt hundreårsskiftet 1800-1900 har Noreg eit klasse-stand-samfunn, der stendene og klassetilhøyret om ein annan definerer einskildmennesket sin sosiale status. Med Seip sin modell er det mogeleg å vise det på ein enkel måte.

Paternalisme[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei sterkaste skilja mellom klassesamfunnet og standsamfunnet er at medlemmane i eit standsamfunn ikkje har ei sterk «klassekjensle», slik som arbeidarar og bønder har vist i moderne tider, med framvekst av eigne sosiale klasserørsler (t.d. Norges Bondelag eller LO). Omsutsbanda går vertikalt mellom stendene, og ikkje horisontalt innan standen.

Døme: Bønder i ei lita norsk bygd på byrjinga av 1800-talet kjende sterkare band til dei lokale embetsfolka enn dei gjorde til bønder i eit anna fylke. Det står i krass motsetnad til den moderne klassekjensla vi ser i dag, der ein vaskehjelpar i Tromsø kanskje vil kjenne seg meir i same bås med ein vaskehjelpar frå Oslo enn med ho som eig kontoret han vaskar kvar dag. I eit standsamfunn ville det truleg vore omvendt. Vaskehjelparen ville vore sterkt knytt til arbeidsgjevaren sin, og til ei viss grad arbeidsgjevaren til han.

Resultatet av paternalisme i Noreg: Ser ein på norsk historie kan ein stille spørsmål ved korleis standsamfunnet vart oppretthalde so lenge som det vart. I den norske grunnlova av 1814 fekk norske bønder ein (til samanlikning med andre europeiske bønder) enorm maktposisjon i samfunnet; men det var likevel embetsmannstanden som utøvde makta i statsorgana. Bøndene var bønder og lét seg styre av embetsstanden, av di dei var tettare knytte til sine embetsmenn enn til andre bønder. (Paternalismen var òg i ei viss grad innarbeidd i Grunnlova, av di lokalsamfunna («kommunane») vart styrte av offentleg utnemnde embetsmenn. Seinare, etter Formannskapslovane kom, ser ein at bønder gradvis vert meir interesserte i å nytte makta si. Her kan ein peike på at bøndene mellom anna får administrativ erfaring og øving i politisk debatt.)

Eit ekstremt døme på paternalisme kan du lese meir om under Klientsystemet i Romarriket, der samfunnsstrukturen bygde opp ein ikkje-arbeidande by-klasse som levde av å stemme det patronen deira ønskte dei skulle stemme i folkeforsamlinga.