Stangvikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordmøre sett frå fly. Utsikt søraust mot Todalen, Innerdalen og Sunndalen. Dei to fjordane til venstre i bilete, på venstre og høgre side av det lange, smale nesset er Stangvikfjorden og Ålvundfjorden (med Meisingsetvågen inn til høgre). Fjorden til høgre er Sunndalsfjorden.
Foto: Janas

Stangvikfjorden[1] er ein fjordarm av Breifjorden i Surnadal og Sunndal kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 15 km søraustover til Todalsfjorden, og inkludert Todalsfjorden er lengda 19 km.

Fjorden har innløp mellom Nesøytangen på Nesøya i vest og Stangvik, som fjorden er kalla opp etter i aust. Det meste av fjorden ligg på nordaustsida av Nesøya og ei lang og smal halvøy som strekkjer seg nordover frå Ålvund. På andre sida ligg Ålvundfjorden.

Frå Rykkjem på vestsida går det ferjesamband over fjorden til Kvanne. Ferjestrekninga er ein del av riksveg 670. Sør for Kvanne svingar fjorden austover, før han ved grenda Nordvik snur sørover igjen. Ved neset Nausta ligg innløpet til Todalsfjorden som går inn til Todalsøra i botn av fjorden.

Frå Kvanne og sørover på austsida går riksveg 671.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Faktaark, Kartverket: Stangvikfjorden». Kartverket. Henta 15. mai 2017. 


Koordinatar: 62°53′56.296″N 8°27′19.271″E