Stanisław Szczepaniak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stanisław Szczepaniak (17. august 193421. juni 2015) var ein polsk skiskyttar, fødd og død i småbyen Kościelisko, heilt sør i Polen ved grensa til Slovakia. Han vann to VM-sølv, i 1966 i stafett og i 1967 individuelt.

Szczepaniak deltok internasjonalt i skiskyting frå den fyrste verdsmeisterskapen i 1958 til dei olympiske vinterleikane i 1968. Han vart nummer ti på 20 km i VM i skiskyting 1965Elverum, til dess hans beste prestasjon. Året etter vart han sjuandemann på 20 km i VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen, og gjekk så ein etappe på det polske laget som tok sølvmedaljen i 4 x 7,5 km stafett.

Høgdepunktet for Szczepaniak kom då han vannn sølvmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1967 i austtyske Altenberg. Gullmedaljen tok Viktor Mamatov frå Sovjetunionen, 47 sekundar føre Szczepaniak, medan norske Jon Istad kom på bronseplassen. Med god skyting i den individuelle tevlinga under vinterleikane i Grenoble i 1968, eitt tileggsminutt, var Szczepaniak også då med i medaljekampen, men enda på fjerdeplassen. I same sesongen vart han polsk meister i skiskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]