Stanislav Sjusjkevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stanislav Sjusjkevitsj

Stanislav Sjusjkevitsj (15. desember 19343. mai 2022) var ein belarusisk vitskapsmann og politikar. Han var parlamentsformann og Belarus sin president frå 1991 til 1994.

Sjusjkevitsj vart i 1990 vald inn i det belarusiske øvste sovjet for Den kviterussiske folkefronten, der han var viseparlamentsformann. Etter det mislukka kuppforsøket mot Mikhail Gorbatsjov i Moskva i august 1991, rykte han opp til parlamentsformann. Hausten 1991 var Sjusjkevitsj ein sentral aktør bak opprettinga av Samveldet av uavhengige statar (SUS) og den etterfylgjande oppløysinga av Sovjetunionen. Han var statsleiar i det sjølvstendige Belarus i tida fram til januar 1994, markerte som seg talsperson for marknadsreformer. Tvinga til å gå av. Han var presidentkandidat hausten 1994, men fekk einast 10 prosent av røsystene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]