StarCraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Starcraft
Utviklar(ar)Blizzard Entertainment
Utgjevar(ar)Sierra Entertainment, Blizzard Entertainment, Nintendo
Design(ar)James Phinney

Chris Metzen Samwise Didier Robert Djordjevich Peter Underwood

Jeffrey Vaughn
SerieStarcraft serien
UtgjeveWindows: April 01, 1998

Mac OS: March 1999

Nintendo 64: June 13, 2000
SjangerSanntids strategispel
SpelemodusEnkelt og fleirspelar
Versjon1.15.1 (2007-08-20)
MediumCD-rom, Nintendo 64 kort

StarCraft er eit sanntids strategispel laga av Blizzard Entertainment og er det første produktet i StarCraft serien. Først utgjeve for Microsoft Windows i 1998, kom spelet til Mac i 1999 og ein fylgde seinare opp med ein port til Nintendo 64 i 2000. Spelet si historie følgjer ein krig mellom tre typar vesen i galaksen — «Terran» som er nomadiske og har eit jordisk opphav, insekta «Zerg» som er leia av eit oversinn og «Protoss» som er humanoide skapningar med 'psioniske' evner.

StarCraft vart det spelet som selde mest i 1998 [1] og vann Origins prisen for det beste strategispelet for det året.[2] På IGN "Top 100 Games of All Time" kom StarCraft på sjuande plass. I 2006 fekk spelet ei stjerne på 'the Walk of Game' i Metreon, San Francisco. Spelet er spesielt populært i Sør-Korea, der ein har ein profesjonalisert liga med spelarar og lag som får sponsoravtaler og vert vist på TV under turneringane.[3] StarCraft har seld 9.5 million kopiar på verdsbasis, ved mai 2007[4],[4][5] with 4.5 million of those copies being sold in South Korea.[4] 4.5 millionar av desse vart seld i Sør Korea. [4]

Blizzard ville først fortsette spelserien med den taktiske skytaren StarCraft: Ghost, men ein sette etterkvart dette prosjektet til sides. Oppfølgjaren StarCraft II vart meldt på eit større Blizzard stemne i Sør Korea mai 2007.

Spelet sin gang[endre | endre wikiteksten]

Starcraft fokuserer på tilgangen og kontrollen av ressursane mineral og gass. Arbeidarar kan hauste desse ressursane. Mineral vert vist som blå krystallformasjonar som stig opp av bakken og krevst for å bygge alle normale einingar og bygg. Gassen vert vist som ein geysir med grøne skyer som stig opp frå denne. Før ein arbeidar kan hauste gass må eitt raffineri byggast over geysiren. Alle oppgraderingar og avanserte einingar krev denne gassen.

Eininga som er arbeidar let spelaren sette opp bygg. Nokre bygg, som brakka til Terran, let ein bygge fleire einingar. Andre, som akademiet til Terran, kan la spelaren sine einingar bli oppgraderte, gjere meir avanserte bygg og einingar tilgjengelege.

Alle einingar krev ein fastsett sum med forråd, enten i form av husvære, psioniske anker eller minnekontroll. Dette er ein tredje ressurs som ein kan skape ved å bygge den sjølv. Grensa av forråd avgjer kor mange einingar du kan ha i spelet om gongen, om ein då ikkje bygge meir forråd. Den vanlege maksgrensa i Starcraft er to hundre per spelar, noko som avgrensar talet einingar i spelet.

Dei einingane som er tilgjengeleg for kvar art viser dei forskjellige veremåtane deira. Protoss har sterke og dyre krigarar og maskineri. Zerg brukar eit overveldande antal av raske krigarar. Terran er fleksible, og bruker sårbare einingar med kraftig skytemakt som er spesielt gode i formasjonar. Ingen av artane har eit spesielt overtak på den andre. Denne balansen imellom dei har vore under utvikling igjennom nye oppdateringar for spelet.

Nøkkelen til siger ligg i kontroll av ressursane, utviding til nye område med ressursar og effektiv bruk av offensive og defensive taktikkar. For å vere ein framståande spelar, må ein utvikle evna til å gjere både mikro og makrostyring på same tid. Mikrostyring inkluderer å røre einingane inn i bestemte formasjonar og manøvrere dei på kartet eller i kamp. Det er fleire forskjellige kombinasjonar av evner og typar einingar ein kan bruke.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

StarCraft blei det bestseljande PC-spelet i 1998, året det kom ut. Det neste tiåret selte spelet over 9,5 million kopiar over heile verda, der 4,5 av desse vart selt i Sør-Korea. Det fekk veldig gode tilbakemeldingar, og GameSpot kalla spelet det beste nokon gong. På GameRankings ligg spelet på 93%, medan det ligg på 88% på Metacritic.

Nintendo 64-versjonen av spelet fekk ikkje like god mottaking.

Merchandise[endre | endre wikiteksten]

Det har blitt skrevet mange romanar basert på StarCraft. Den fyrste romanen, Uprising , som blei skriven av Blizzard-tilsett Micky Neilson og publisert i desember 2000, handlar om hendingane før Starcraft. Andre romanar slik som Libertys Crusade av Jeff Grubb og Aaron Rosenberg Queen of Blades gjenforteljar historia i spelet frå ulike perspektiv.

Det er òg laga mange actionfigurar med karakterar frå spelet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «StarCraft Named #1 Seller in 1998». Henta 19. august 2006.  Parameteren |publisher= er ikkje støtta av malen. Meinte du |utgjevar=?) (hjelp); Parameteren |date= er ikkje støtta av malen. Meinte du |dato=?) (hjelp)
  2. «The Academy of Adventure Gaming Arts and Design». Game Manufacterers Association. 1998-01-01. Henta 2007-08-01. 
  3. Cho, Kevin (2006-01-15). «Samsung, SK Telecom, Shinhan Sponsor South Korean Alien Killers». Bloomberg.com. Henta 2006-08-18. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Olsen, Kelly (2007-05-21). «South Korean gamers get a sneak peek at 'StarCraft II'». USA Today. Henta 2008-01-09. 
  5. Schiesel, Seth (2007-05-21). «To the Glee of South Korean Fans, a Game's Sequel Is Announced». New York Times. Henta 2008-01-09. 
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.