Starkeffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Starkeffekt er ei oppsplitting av spektrallinjer frå atom i eit elektrisk felt og vart først påvist i 1913 av Johannes Stark og Antonino Lo Surdo.

I hydrogenatomet gjer det elektriske feltet at degenerasjonen med omsyn på banespinnet, l, hevast, og ei einskild spektrallinje blir splitta opp i fleire linjer med avstand som aukar proporsjonalt med feltstyrken, såkalla lineær starkeffekt. I andre atom fører det elektriske feltet til ein polarisasjon av atomet, som då kan innstille seg i ulike retningar i tilhøve til feltretninga. Resultatet blir ei oppsplitting som er proporsjonal med kvadratet av feltstyrken, kvadratisk starkeffekt.

Fenomenet har tyding for studium av dei dielektriske eigenskapane til stoff, elektriske utladingar og astrofysiske fenomen. Starkeffekten vart først oppdaga i det synlege spektrumet og vert difor rekna som ein elektro-optisk effekt. Han blir no studert spesielt i mikrobølgjeområdet der små oppsplittingar kan blir målte særs nøyaktig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]