Starnberger See
Starnberger See | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 596 moh. | ||
Lengd | 20,2 km | ||
Breidd | 4,66 km | ||
Areal | 58,36 km² | ||
Største djupn | 127,7 m | ||
Volum | 2,998 km³ | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Øyar | 1 | ||
Byar | Tutzing, Possenhofen | ||
![]() Starnberger See | |||
Wikimedia Commons: Starnberger See | |||
Starnberg See er ein innsjø sør i Bayern i Tyskland, og er ein populær rekreasjonstad for innbyggjarane i den nærliggande byen München. Av byar langs innsjøen finn ein Starnberg i nord, Seeshaupt i sør og Tutzing i vest. Den litle byen Berg nær Starnberg er den vidkjende staden der Kong Ludvig II av Bayern drukna i innsjøen i 1886.
Innsjøen, som vart danna av isbreane frå Alpane under den siste istida, strekker seg 21 km frå nord til sør og har ei breidd på 3-5 km, og er den fjerde største innsjøen i Bayern. Han inneheld ei lita øy, Roseninsel, og eit enkelt utløp, elva Würm (fram til 1962 heitte innsjøen Würmsee etter elva). Det største tilsiget av vatn kjem frå ei rekkje vatn sør for innsjøen, Osterseen, og elva som renn frå her vert kalla Ach eller Ostersee-Ach.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Attraksjonar ved Starnberg See Arkivert 2007-06-15 ved Wayback Machine.
- Informasjon om området rundt Starnberg See frå 5sli.de
- Informasjon om området rundt Starnberg See frå starnberg24.de
- Informasjon om Tutzing
- Kart over Starnberg See