Stat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Ein stat er ein institusjon i eit samfunn innanfor eit fastsett område, eit land, leidd av organiserte styresmakter som har monopol på å krevja inn skatt og på legal bruk av vald i området. I tillegg til slik indre suverenitet har staten òg ytre sjølvstende, slik at han kan inngå internasjonale avtalar og liknande på eiga hand.

Jamvel om historikarar stundom talar om statar også før det, fanst det ingen statar i denne tydinga innan freden i Westfalen i 1648. Då fyrst vart det skipa ein orden mellom landa som bygde på staten som den institusjonen som skulle ha monopol på bruk av legal vald.

Noko usemje er det på feltet, då skattlegging har vore framsett som eit kriterium. For dei fleste løyser dette seg lett, då ein som Tilly definerer staten som eit monopol på skattlegging og valdsbruk.

Blant tidlege statsbyggarar er kardinal Richelieu rekna for ein av dei fremste. Fram til freden i Westfalen framdyrka han den moderne staten; ei større sentralisert skattlegging, monopolisering av makt på kostnad av kyrkje og adel og ein sterk auke i utgifter på det militære feltet. Det siste grunna ein kombinasjon av ambisjonar som stormakt og nødvendige prosjekt for å tilpasse seg ei ny tid der ein førte krig med krut.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]