State of Confusion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
State of Confusion
Studioalbum av The Kinks
Språk engelsk
Utgjeve 10. juni 1983
Innspelt September 1982 – mars 1983 (utanom «Bernadette»: midten av 1981)
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock, pop
Lengd 40:19
Selskap Arista
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
Give the People What They Want
(1981)
State of Confusion Word of Mouth
(1984)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Blender5/5 stars[2]
Rolling Stone4/5 stars[3]

State of Confusion er det 19. studioalbumet til det engelske rockebandet The Kinks, gjeven ut i 1983. Det inneheld singelen «Come Dancing», som nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 og var ein av dei største hittane deira i USA, med ein like høg plassering som «Tired of Waiting for You» i 1965. Sjølve albumet vart òg ein stor suksess og nådde 12. plassen på albumlista i USA.[4]

Det har vore minst sju nyutgjevingar av albumet på CD i forskjellige land (alle med fire bonusspor), men ingen av dei hadde med 12"-miksen av «Come Dancing», som aldri har blitt gjeve ut på CD. I tillegg har ikkje 12"-versjonen av «Noise» blitt gjeven ut på CD nokon gong. Den britiske 12"-versjonen av «Bernadette» har skilnader, og inneheld ekstra tekst av Davies i den midtre delen.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn mellom september 1982 og mars 1983 i Konk Studios i London, og var produsert av Ray Davies.

«Long Distance» og «Noise» vart berre gjevne ut på kassettversjonar av albumet. I 1984 vart «Long Distance» gjeven ut som ein av to B-sider på singelen «Do It Again» i Tyskland (den andre var «Guilty»). Songen kom så ut på både LP- og CD-utgåva av samlealbumet Come Dancing with The Kinks i 1986.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies.

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«State of Confusion»3:41
2.«Definite Maybe»4:27
3.«Labour of Love»3:54
4.«Come Dancing»3:54
5.«Property»4:19
6.«Noise» (berre kassettutgåva)4:38
Side 2
Nr.TittelLengd
7.«Don't Forget to Dance»4:34
8.«Young Conservatives»3:58
9.«Heart of Gold»4:02
10.«Clichés of the World (B Movie)»4:51
11.«Bernadette»3:41
12.«Long Distance» (berre kassettutgåva)5:23
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Don't Forget to Dance» (Original Extended Edit)5:09
12.«Once a Thief»4:06
13.«Long Distance»5:23
14.«Noise»4:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Kinks
Teknisk
  • Produsert av Raymond Douglas Davies
  • John Rollo, Damian Korner – lydteknikar
  • Howard Fritzson – albumdesign
  • Robert Ellis – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. State of ConfusionAllmusic. Henta 27. april 2018.
  2. Powers, Ann. «Blender :: guide». Dennis Digital, Inc. Arkivert frå originalen 4. mai 2006. Henta 27. april 2018. 
  3. Puterbaugh, Parke (7. juli 1983). «The Kinks: State of Confusion». Rolling Stone (Straight Arrow) (RS 399). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 28. april 2018. Henta 27. april 2018. 
  4. «The Kinks' Chart Positions». kindakinks.net. Henta 27. april 2018.