State of Independence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
State of Independence
Singel av Jon & Vangelis
frå albumet The Friends of Mr Cairo
B-side «Beside»
Utgjeve 1981
Innspelt 1981
Sjanger Elektroniska
Lengd 7:58
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Musikk: Vangelis
Tekst: Jon Anderson
Produsent Vangelis

«State of Independence» er ein song skriven av Jon Anderson og Vangelis. Songen er skriven som ein reggae/calypso med ein abstrakt, andeleg tekst.

Han vart opphavleg spelt inn av Jon and Vangelis i 1981 for albumet The Friends of Mr Cairo og vart gjeven ut som singel same året. Songen vart meir kjend då han vart spelt inn av Donna Summer i 1982. Singelen hennar gjekk inn på topp 20 i Storbritannia og han gjekk heilt til topps i Nederland. I 1992 vart ein tredje versjon av songen, då kalla «Spiritual High (State of Independence)», spelt inn og gjeve ut som singel av Moodswings (med Pretenders-songaren Chrissie Hynde som vokalist).

Jon & Vangelis gav ut «State of Independence» som singel i 1981 med «Beside» som B-sida. Han vart gjeven ut i 1984 og nådde då 67. plassen på UK Singles Chart.[1]

Jon Anderson spelte inn ein ny versjon av songen for soloalbumet sitt, Change We Must (1994) og ein live akustisk versjon finst på Live from La La Land (2007). Anderson spelte òg inn eit liveopptak av songen med Rick Wakeman som Anderson/Wakeman.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Donna Summer-versjonen[endre | endre wikiteksten]

State of Independence
av Donna Summer
frå albumet Donna Summer
B-side «Love Is Just a Breath Away»
Utgjeve 30. september 1982
Innspelt 1982
Sjanger Funk, soul, electronica, gospel
Lengd 5:50
Selskap 1982: Geffen (U.S.), Warner Bros. (Europe)
1990: Warner Bros.
1996: Manifesto/PolyGram
Låtskrivar(ar) Musikk: Vangelis
Tekst: Jon Anderson
Produsent Quincy Jones
Donna Summer-kronologi
«Love Is in Control (Finger on the Trigger)»
(1982)
State of Independence «I Feel Love (Patrick Cowley Remix)»
(1982)


Donna Summer spelte inn «State of Independence» i 1982 for albumet Donna Summer produsert av Quincy Jones. Han vart gjeven ut som oppfølgjaren til hitsingelen «Love Is in Control (Finger on the Trigger)» i 1982. Denne versjonen gjorde det bra i Europa og låg ei veke på toppen av den nederlandske singellista. Med seg på songen har Summer eit kor av mange songstjerner som Michael Jackson, Brenda Russell, James Ingram, Dionne Warwick, Kenny Loggins, Lionel Richie og Stevie Wonder, og med Eric Clapton på gitar.[2] Singelen vart gjeven ut på ny i Europa i 1990 etter samlealbumet hennar The Best of Donna Summer.

Etter at ein remix av songen hennar «I Feel Love» vart gjeven ut i 1995, vart òg «State of Independence» gjeve ut i remixa form med miksar av Phil Ramocon, Sold Out, DJ Dero, Ralph Falcon & Oscar G, og Jules & Skins. Denne nådde 13. plassen på den britiske singellista i 1996, ein plass høgare enn originalen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
US Billboard Pop Singles[3] 41
US Billboard Black Singles[3] 31
Australia 10
Nederland GfK-lista[4] 3
Nederland 1
Irland[5] 10
UK Singles Chart[6] 14
Liste (1990) Plassering
Nederland GfK-lista[7] 69
UK Singles Chart[8] 45
Liste (1996) Plassering
UK Singles Chart[9] 13
Liste (2012) Plassering
UK Singles Chart 143

Moodswings-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1992 spelte duoen Moodswings inn albumet Moodfood (Arista), med ein versjon av singelen, kalla «Spiritual High (State of Independence) Pt. II» med vokal av Chrissie Hynde (The Pretenders) og samplingar frå Martin Luther King, Jr. sin «I Have a Dream»-tale. Singelen nådde 47. plassen på UK Singles Chart.[10] Versjonen deira vart seinare spelt under rulleteksten på filmen Single White Female og var med på The Pretenders sitt Greatest Hits i 2000.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kate Ceberano spelte songen på ein konsert med West Australian Symphony Orchestra i 2006. I 2011 spelte Andrea Corr frå Corrs inn fleire versjonar, inkludert ein på soloalbumet Lifelines.

The Art of Noise brukte eit klipp av songen som grunnlag for sporet «Donna» på debut-EPen, Into Battle With The Art of Noise.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]