Hopp til innhald

Staten Wey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wei
1040 f.Kr.–209 f.Kr.
Plasseringa til Wey
Plasseringa til Wey
Zhou-dynastiet på 400-talet f.Kr.
Hovudstad Zhaoge (ca. 1040–661 f.Kr.)
Chuqiu (659–629 f.Kr.)
Diqiu (629–241 f.Kr.)
Yewang (241–209 f.Kr.)
Styreform monarki
Historisk periode 1040 f.Kr.–209 f.Kr.
 - Skipinga av Zhou-dynastiet
 - Oppretta 1040 f.Kr.
 - Opphøyrde 209 f.Kr.
 - Del av Qin
Staten Wey
«Wey» skrive med seglskrift (øvst), tradisjonell kinesisk (midten) og forenkla kinesisk skrift (nedst).
Tradisjonell kinesisk
Forenkla kinesisk

Wey (/w/; tradisjonell kinesisk , pinyin Wèi), vanlegvis skrive «Wey» for å skilja han frå den samtidige og større staten Wei (), var ein gamal kinesisk stat grunnlagd i det tidlege Vestlege Zhou-dynastiet som steig fram i vår- og hausttida. Herskarane hadde etternamnet Ji (), det same som det til herskarane i Zhou. Det låg i det som i dag er den moderne Henan-provinsen nordaust i Kina, aust for Jin (og seinare Wei, ), og vest for Cao.

Tidleg historie

[endre | endre wikiteksten]

Historia til Wey går tilbake til byrjinga av Zhou-dynastiet og opprøret til dei tre vaktene. Etter at hertugen av Zhou vann oppstanden, fekk Kang Shu, ein yngre bror til kong Wu av Zhou, eit område sentrert kring Zhaoge, hovudstaden i Shang-dynastiet, som hadde vore sentrum for opprøret.

Vår- og hausttida

[endre | endre wikiteksten]

Wey var på sitt høgste i den tidlege vår- og hausttida under hertug Wu av Wey, som styrte i 55 år. Under styret til etterfølgjande herskarar fekk staten tronfølgjeproblem fram til hertug Yi av Wey kom på trona. Det utsvevande styret hans og manien hans for tranar svekka staten, og i det åttande året av regjeringstida hans angreip rongfolk med suksess hovudstaden i Zhaoge, drap hertugen og øydela nesten staten òg (660 f.Kr.). Det var fyrst med hjelp av hertug Huan av Qi at staten blei gjenoppretta, med hovudstaden flytta til Chuqiu.

I 632 f.Kr. blei Wey erobra av hertug Wen av Jin, fordi då hertug Wen (då kalla Chong'er) var i eksil i Wey, hadde ikkje hertug Wen av Wey behandla han godt. Hertug Cheng av Wey, sonen til Wen av Wey, blei nesten forgifta av Wen av Jin, men til slutt blei staten gjenoppretta. Før Slaget ved Chengpu i 632 f.Kr., då Chu angreip Song, gjekk Jin til angrep på Wey og Cao som ei avleiing.

I 492 f.Kr. kom hertug Chu av Wey (出公) på trona etter bestefar sin, hertug Ling (灵公) sidan faren hans, Kuaikui (蒯聩), som var arvingen til hertug Ling, var blitt avsett og send i eksil. For å få trona kjempa Kuaikui mot sonen sin og heldt klarte å forvisa hertug Chu i 481 f.Kr. Kuaikui fekk nemninga hertug Zhuang II (后庄公), men blei drepen tre år seinare. Hertug Chu blei gjeninnsett i 475 f.Kr. Konflikten mellom far og son svekka Wey, og Wey blei snart knytt til huset Zhao i Jin.

I 346 f.Kr. nedgradert hertugen av Wey seg sjølv til marki. I 320 f.Kr. degraderte markien av Wey seg igjen til jun (herre). Då omfatta Wey berre eitt enkelt fylke, Puyang (濮陽). I 254 f.Kr. slo kong Anxi av Wei () herr Huai av Wey (衞怀君), men to år seinare utropte han svigersonen sin, som var frå huset Wey, til herre av Wey, slik at Wey blei ei einiing underlagt Wei-riket. I 239 f.Kr. okkuperte staten Qin Puyang, og Wey emigrerte til Yewang (野王) for å bevara eininga.

Staten var så svak at han truleg blei ignorert av Qin Shi Huang, og blei fyrst avskaffa i 209 f.Kr., då Qin Er Shi avsette Jiao, herren av Wey (衞君角), to år før Qin-dynastiet braut saman.