Statens høgskole for kunsthåndverk og design

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens høgskole for kunsthåndverk og design, ofte kalla Kunst- og håndverksskolen i Bergen, var namnet på ein høgskule i Bergen. Skulen vart etablert i 1909 under namnet Bergen Kunsthåndverksskole. I 1996 vart skulen slått saman med Vestlandets kunstakademi til Kunsthøgskolen i Bergen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bergen Kunsthåndverksskole vart oppretta i 1909. Han var då eit supplement til fagskolar som gav yrkesopplæring til  handverkarar innan tre- og metallarbeidsfaga på svennebrevsnivå. Med tida vart det utvida med nyare fag, slik at skulen i 1950-åra hadde eit fellesår med grunnleggjande teikning, form- og fargelære. Deretter to år spesialisering retta mot faga grafisk design, keramikk, tekstildesign, møbeldesign og innredningsdesign. Det var høve til eit påbyggingsår. Skulen var opphavleg ått av fylket, men vart statleg i 1977. Skulen skifta i 1988 namn til «Statens høgskule for kunsthåndverk og design i Bergen».

Statens høgskole for kunsthåndverk og design tilbaud treårige grunnstudium i grafisk design, illustrasjon, interiørarkitektur og møbeldesign, keramisk kuntshåndverk og tekstil-kunsthandverk. Grunnstudiet kunne vidareførast i eit hovudfagsstudium på 1–1 1/2 år. I 1989 var det rundt 150 studentar ved skulen. Dagens Kunsthøgskolen i Bergen har til samanlikning dobbelt så mange studentar.

Forfattaren og illustratøren Mette Newth var i perioden frå 1989 til 1993 førsteamanuensis og deretter rektor ved skulen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]