Statens lånekasse for utdanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statens lånekasse for utdanning, i daglegtale ofte kalla Lånekassa, er ein norsk statleg etat under Kunnskapsdepartementet. Lånekassen gir økonomisk støtte til utdanning gjennom stipend og lån. Hovudmålet er å fremme moglegheitene til utdanning uavhengig av geografiske tilhøve, alder, kjønn og økonomisk eller sosial situasjon.

Lånekassa blei oppretta i 1947 som Statens lånekasse for studerende ungdom. Det noverande namnet blei innført i 1970.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsstøtta gjennom Lånekassen skal medverke til

  • like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografiske tilhøve, alder, kjønn og økonomisk eller sosial situasjon
  • å sikre samfunnet og arbeidslivet tilgang på utdanna arbeidskraft
  • at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, slik at studiearbeidet kan bli effektivt

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

  • Lånekassen er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet (KD). Lånekassen blir leidd av eit styre som er oppnemnt av KD. Styret består av åtte faste medlemmer, der to er elev- og studentrepresentantar og to er representantar for dei tilsette i Lånekassen. Styret skal på vegner av departementet følgje opp verksemda og kontrollere at Lånekassen utfører oppgåvene sine i samsvar med styringssignala og retningslinjene frå KD.
  • Lånekassen har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Ørsta. Ved utgangen av 2016 hadde Lånekassen 300 fast tilsette.
  • Driftsutgiftene i 2016 var på 388,8 millionar kroner. Dette inkluderer 10,8 millionar kroner til utviklingsaktivitetar i samband med gradvis innføring av studiestøtte i elleve månader.

Aktuelt i 2016[endre | endre wikiteksten]

  • Lånekassen hadde ved årsskiftet (31.12.2016) 1 058 700 aktive kundar. 422 600 elevar, studentar og lærlingar søkte om støtte i undervisningsåret 2015–2016.
  • Det kom inn 830 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, rentefritak og ettergiving i 2016. 67 prosent av søknadene om støtte og 81 prosent av søknadene om betalingsutsetjing blei behandla heilmaskinelt.
  • Lånekassen delte ut 26,4 milliardar kroner i stipend og lån i 2015–2016, og av dette var 3,7 milliardar kroner stipend og 22,7 miliardar kroner lån. Av det utbetalte lånet er det venta at cirka 6 milliardar kroner vil bli gjort om til utdanningsstipend.
  • Utlånsporteføljen (uteståande utdanningsgjeld) utgjer i alt 164 milliardar kroner.
  • I 2016 blei 94 prosent av avtalane om støtte til høgare og anna utdanning signert elektronisk.
  • Stadig fleire betaler rekningane med avtalegiro. 87 prosent av tilbakebetalarane hadde valt avtalegiro eller e-faktura som betalingsform ved desemberforfallet i 2016.
  • 2016 er det beste «telefonåret» i Lånekassen nokon gong. Det var 114 000 færre telefonanrop frå kundar i 2016 enn i 2015, og svarprosenten auka frå 56 prosent til 67 prosent.
  • Stadig fleire finn svar på det dei lurer på på lanekassen.no og Dine sider, og det er heilt i tråd med strategien for Lånekassen sine fronttenester: lett å finne, lett å forstå og lett å få til. Lanekassen.no hadde nesten 7,3 millionar besøk i 2016, og det var meir enn 3,3 millionar innloggingar til Dine sider.
  • Lånekassen gjennomførte våren 2016 bukontroll av 47 000 studentar som hadde opplyst at dei budde for seg sjølve i 2015. Berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, har rett til å få omgjort lån til utdanningsstipend. 1 600 studentar kunne ikkje dokumentere at dei budde borte i 2015, og det er 600 færre enn i 2014.
  • Sommaren 2016 tok Lånekassen i bruk offentleg digital postkasse og innførte e-signering for foreldre til elevar under 18 år i vidaregåande opplæring. Foreldra til desse elevane får no kopi av eleven sitt vedtak digitalt og kan signere avtalen om støtte elektronisk.
  • Kundane i Lånekassen er jamt over gode tilbakebetalarar, men tala har aldri vore så gode som no: færre får purringar, og stadig færre studielån går til inkasso. Fire prosent av alle tilbakebetalarane fekk studielånet sitt sagt opp og overført til Statens innkrevjingssentral i 2016, mot fem prosent i 2012 og åtte prosent i 2005. Og medan andelen purringar i 2016 var på knappe fire prosent, var det i 2012 åtte prosent og i 2005 fjorten prosent av kundane som ikkje betalte rekninga si tidsnok.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

  • Lånekassen blei etablert i 1947, i forlenginga av ei rekkje velferdsordningar for studentar.
  • Frå siste halvdel av 1950-talet blei det også gitt støtte til elevar i vidaregåande opplæring.
  • Frå slutten av 1950-talet kom det ein stor vekst i talet på studentar i høgare utdanning, med to periodar der veksten var særleg sterk: på 1960-talet og frå midten av 1980-talet.
  • I 1980- og 1990-åra blei det utvikla store datasystem for massehandtering av søknader.
  • I 2001 blei det råd å søkje om støtte elektronisk.
  • I 2003 blei støtta lagd om i samband med kvalitetsreforma i høgare utdanning, og studentane fekk utbetalt lån som kunne bli gjort om til utdanningsstipend, basert på studiepoeng.
  • I 2005 blei det opna for elektronisk signering av gjeldsbrev.
  • Frå 2006 har kundane i Lånekassen kunna lese vedtak og informasjonsbrev i ein sikker elektronisk postkasse på Dine sider, Lånekassen sine sjølvbeteningssider, på lanekassen.no.
  • Frå 2009 måtte alle som skulle søkje om stipend og lån, gjere det elektronisk.
  • Frå 2013 kunne kundar signere avtale om støtte elektronisk med BankID på Dine sider. 
  • I perioden 2004–2015 gjennomførte Lånekassen fornyingsprogrammet LØFT, der utskifting av IKT-løysinga var det mest omfattande prosjektet. Målet var betre og meir målretta informasjon til kundar og samarbeidspartnarar, auka sjølvbetening og automatisering, og auka effektivisering. Effektane blei kortare behandlingstid, meir automatisert saksbehandling, auka datafangst, nye arbeidsmåtar og system, og digitalisering av kundedialogen.
  • Kundane i Lånekassen er i dag så godt som heildigitale: Elevar og studentar søkjer om støtte digitalt og får vedtaket om støtte i postkassen på Dine sider. Dei aller fleste studentane signerer avtalen om støtte elektronisk. Også tilbakebetalarane utfører dei fleste oppgåvene sjølve på Dine sider (søkjer om betalingsutsetjing, endrar forfallsdato, vel betalingsmåte osv.), og åtte av ti betaler rekninga si elektronisk med avtalegiro eller e-faktura. Talet på telefonar og frammøte ved kontora er vesentleg reduserte.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Dyre Røseth, Effektivitet og fordeling - Lånekassen som utdanningspolitisk redskap 1947-2003, (2003) Omhandlar endringar i stønadsformer, og Lånekassa sitt omfang og rolle i norsk etterkrigstid. Digital versjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]