Hopp til innhald

Statens landbruksforvalting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statens landbruksforvalting
VirkefeltNoreg
Skipa1. juli 2000[1]
Opphøyrt1. juli 2014
HovudkontorOslo
Tilsette188 (2013)[2]
Nettsidehttp://slf.dep.no

Statens landbruksforvalting (SLF) var ein norsk statleg etat under Landbruks- og matdepartementet som skulle bidra til ei samordna, heilheitleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot landbruket og landbruksbasert næringsmiddelindustri. Etaten hadde ansvar for å sikre ei stabil matforsyning og ein stabil marknad med godt fungerande næringsmiddelindustri. Statens landbruksforvalting held til i Oslo og hadde omkring 190 tilsette. SLF vart skipa 1. juli 2000.[3]

Den 1. juli 2014 blei SLF slått saman med Statens reindriftsforvaltning til Landbruksdirektoratet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://.www.nsd.uib.no/polsys/data/forvaltning/enhet/19828/endringshistorie.
  2. https://forvaltningsdatabasen.sikt.no/data/ansatte/etat/11:10.
  3. «Statens landbruksforvaltning». Norsk samfunnsvitenskaplig forvaltningsdatabase. Henta 8. mars 2015. 
  4. «Nytt Landbruksdirektorat». Landbruksdirektoratet. 6. juni 2014. Henta 8. mars 2015.