Statens petroleumsfond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statens petroleumsfond var namnet på det norske statlege fondet som vart skipa 22. juni 1990, og frå 1. januar 2006 fekk endra namnet til Statens pensjonsfond – utland, betre kjend som «Statens pensjonsfond» eller som «Oljefondet».

Statens petroleumsfond forvalta dei norske petroleumsinntektene, det vil seie dei inntektene som den norske staten fekk av olje- og naturgassutvinninga på det som vart kalla norsk sokkel, det havområdet langsetter norskekysten som Noreg hadde råderett over i denne samanhengen. Fondet fekk kvart år tilført inntekter som svarte til statens netto kontantstraum frå denne petroleumsverksemda, med tillegg av den avkastninga som formuen i fondet gav.

Frå fondet, som skulle tryggje framtidige pensjonsytingar for folket i Noreg, vart det årleg drege frå ein sum for å dekkje det underskotet på statsbudsjettet som Stortinget meinte at det var rimeleg å nytte petroleumsinntekter til. I samsvar med den såkalla handlingsregelen skulle dette tilskotet til statsbudsjettet ikkje vere større enn fire prosent av verdien av fondet. Men i alle åra etter at denne fireprosent-grensa vart fastsett i 2001, har ho vorte brote i større eller mindre grad.

Det rettsleg ansvarlig for forvaltninga av fondet ligg til Finansdepartementet, medan Noregs Bank står for den operative forvaltninga i samsvar med retningsliner fastsett av Finansdepartementet. Det har heile tida vore meininga at alle midlane i fondet skulle verte investert i utlandet, både i aksjar, obligasjonar og renteberande verdepapir, slik det framgår av at det noverande namnet på fondet er Statens pensjonsfond – utland.