Hopp til innhald

Statistiske regionar i Serbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statistiske regionar i Serbia

Serbia er offisielt delt inn i fem statistiske regionar (serbisk статистички региони Србије, statistički regioni Srbije).[1] Regionane har ingen administrativ funksjon. Dei grunnleggjande administrative einingane i Serbia er kommunar og byar, som er samla i 29 distrikt (pluss hovudstaden Beograd, som er ein kommune, men har status på nivå med distrikta).

I Lov om regional utvikling (Закон о регионалном развоју, Zakon o regionalnom razvoju) av 13. juli 2009 vart det stadfesta at Serbia skulle delast inn i sju statistiske regionar:[2][3]

  • Regionen Vojvodina
  • Regionen Beograd
  • Vestlege region (Западни регион)
  • Austlege region (Источни регион)
  • Sentrale region (Централни регион)
  • Sørlege region (Јужни регион)
  • Regionen Kosovo og Metohija

Gjennom ei lovendring 7. mai 2010 vart talet på regionar redusert til fem:[4][5]

Den statistiske regionen Kosovo og Metohija er kontrollert av den delvis anerkjende sjølvstendige republikken Kosovo og derfor ikkje i bruk i serbisk statistikk.

Region Distrikt
Vojvodina
Војводина
Nord-Bačka, Nord-Banat, Sental-Banat, Srem, Sør-Bačka, Sør-Banat, Vest-Bačka
Beograd
Београд
Beograd
Šumadija og vestlege Serbia
Шумадија и западна Србија
Šumadija i zapadna Srbija
Kolubara, Mačva, Moravica, Pomoravlje, Rasina, Raška, Šumadija, Zlatibor
Sørlege og austlege Serbia
Јужна и источна Србија
Južna i istočna Srbija
Bor, Braničevo, Jablanica, Nišava, Pčinja, Pirot, Podunavlje, Toplica, Zaječar
Kosovo og Metohija
Косово и Метохиja
Kosovo i Metohija
Kosovo, Kosovo-Pomoravlje, Kosovska Mitrovica, Peć, Prizren

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Закон о регионалном развоју (Lov om regional utvikling)» (på serbisk). Правно информациони систем Републике Србије (juridisk informasjonssystem for Republkken Serbia). Henta 28. september 2024. 
  2. «Седам региона за равномернији развој» (på serbisk). Politika. 4. juni 2009. Henta 28. september 2024. 
  3. «Закон о регионалном развоју (Lov om regional utvikling)». Службени гласник Републике Српске (offisielt lysingsblad for Republikken Serbia). 14. juli 2009. s. 3. Henta 28. september 2024. 
  4. «Смањење броја статистичких региона кроз измене Закона о регионалном развоју» (på serbisk). Влада Републике Србије (Regjeringa i Republikken Serbia). 3. februar 2010. Arkivert frå originalen 28. juli 2011. Henta 28. september 2024. 
  5. «Закон о изменама и допунама Закона о регионалном развоју (Lov om endring av Lov om regional utvikling)». Службени гласник Републике Српске (offisielt lysingsblad for Republikken Serbia). 7. mai 2010. s. 7. Henta 28. september 2024.