Stativlupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei stativlupe er eit optisk hjelpemiddel som finst både med og utan ljoskjelde, og med forstørring på om lag 2–20×. Stativlupene er kjenneteikna ved at den korrekte avstanden mellom objektet og lupa er sikra gjennom konstruksjonen av lupa. Dei som likevel ikkje ser eit skarpt bilete når lupa står på underlaget, må eventuelt justera lupa gjennom forlenging eller å løfta henne frå underlaget for å få eit skarpt bilete. Desse har truleg trong for å kombinera bruken av lupa med ei tilpassa nærbrille. Stativluper er ofte eit godt alternativ for folk som skjelv på hendene (tremor).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Stativluper» på Wikipedia på bokmål og riksmål.