Statoil Fuel & Retail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Statoil Fuel & Retail ASA)
Statoil Fuel & Retail ASA
Org.formAllmenaksjeføretak
Org.nr.995532921
BransjeEnergi
Skipa18. mai 2010
HovudkontorNoreg Oslo, Noreg
ProduktRaffinerte petroleumsprodukt
StyreleiarAlain Bouchard
Tilsette8 400[1]
Nettstadwww.statoilfuelretail.com
Den gamle logoen til Statoil på bensinstasjon i Estland

Statoil Fuel & Retail ASA er eit selskap med hovudkontor i Oslo[2] som distribuerer og sel petroleumsprodukt i Skandinavia og Aust-Europa. Det er ått av Alimentation Couche-Tard, operert frå Canada. Selskapet blei oppretta i 2010 ved at all nedstraumsverksemd i Statoil ASA blei splitta ut som eit børsnotert selskap med rett til å nytte varemerket Statoil.[3][4]

I 2010 disponerte selskapet 2 300 utsalsstader for drivstoff i Skandinavia, Polen, Baltikum og i Russland så vel som at dei opererte monalege leveransar av smøreprodukt og drivstoff til skipsfart og til luftfart.[5] Selskapet blei notert på Oslo Børs den 22. oktober 2010.[6] I Noreg blir drifta ivaretatt gjennom dotterselskapet Statoil Fuel & Retail Norge.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet har røter frå distribusjonsselskap i Danmark, Noreg og Sverige som Statoil kjøpte opp mellom 1979 og 1987 til nedstraumsverksemda si.

I 1985 blei bensinstasjonkjeda Esso i Sverige kjøpt opp. Kjeda hadde opphav tilbake til 1896 i Sverige. Likeins blei distribusjonsselskapet til Esso i Danmark kjøpt opp i 1986.[8] I Noreg kjøpte Statoil delar av selskapet Norsk Olje a.s i 1979, og åtte heile selskapet frå 1987. Statoil marknadsførte og selde drivstoff frå ca. 900 bensinstasjonar i Noreg under namnet Norol i perioden 1979 til 1991.[9] Verksemda i Noreg var organisert som eit dotterselskap, frå 1991 under namnet Statoil Norge.

Ut over 1990-talet etablerte Statoil distribusjons- og salsverksemd for petroleumsprodukt i Aust-Europa. Det skjedde i alle Dei baltiske statane, i Polen frå 1992 og i Murmansk frå 1993.[8]

Tidlegare hadde Statoil dotterselskap for bensinstasjonskjeder i Irland og Tyskland, men desse blei selt før 2010.[10]

Frå 19. juni 2012 eig Alimentation Couche-Tard meir enn 80 % av Statoil Fuel & Retail etter gjennomføring av eit oppkjøp som verdsette selskapet til 15,9 milliardar kroner.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Annual Report 2011». Statoil Fuel & Retail. Henta 19. oktober 2012. [daud lenkje]
  2. Nettside hos Statoil Fuel & Retail Arkivert 2012-12-25 ved Wayback Machine., Henta 19. oktober 2012
  3. Farberg, Andreas L. (28. september 2010). «Mr. McStatoil vil vokse seg stor i Polen». E24 Næringsliv. Arkivert frå originalen 2. oktober 2010. Henta 19. oktober 2012. 
  4. Torp, Cathrine (3. februar 2010). «Statoil opens for a new ownership structure for its energy and retail business». Stavanger: Statoil ASA. Arkivert frå originalen 6. februar 2010. Henta 19. oktober 2012. 
  5. Lindbæk, Jannik (2. september 2010). «Statoil files OSE application to list Statoil Fuel & Retail ASA». Stavanger: Statoil ASA. Arkivert frå originalen 16. september 2010. Henta 19. oktober 2012. 
  6. «The Board of Oslo Børs admits two new companies to listing». Oslo: Oslo Stock Exchange. 29. september 2010. Henta 19. oktober 2012. 
  7. Om Statoil Fuel & Retail Norge AS på statoil.no Arkivert 2012-07-13 ved Wayback Machine., henta 19. oktober 2012
  8. 8,0 8,1 Nettside hos Statoil Fuel & Retail om selskapet si historie Arkivert 2011-10-28 ved Wayback Machine., Henta 19. oktober 2012
  9. «Norsk_Olje_a.s.» i Store norske leksikon, snl.no.
  10. «Statoil_ASA» i Store norske leksikon, snl.no.
  11. «Nå har Statoil solgt bensinstasjonene». DN.no. 19. juni 2012. [daud lenkje]