Statsadvokat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statsadvokat er nemninga på embetsmenn i påtalemakta med utdanning som juristar, og som har som arbeidsoppgåve å vere aktor i større eller på anna vis meir viktige straffesaker, det vil seie å føre slike straffesaker for domstolane på vegner av påtalemakta. I Noreg og Danmark er påtalemakta integrert i politiet, og statsadvokatane er leiarar av politiets etterforskning av alvorlege brotsverk, og overordna politiet i påtalespørsmål.

Tittelen statsadvokat eller tilsvarande nemning på andre språk er nytta i fleire land om dei tilsvarende stillingane. Ordet statsadvokat vert difor vanlegvis nytta som ei omsetjing til norsk av stillingsnemningar som til dømes district attorney i USA, og Staatsanwalttysk.

Statsadvokatembeta i Noreg og dei underliggjande politidistrikta[endre | endre wikiteksten]