Statsakta på Akershus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I 1942. Wilhelm Rediess, SS-politigeneral for Noreg, Josef Terboven, rikskommissar for Noreg, Vidkun Quisling, partileiar (førar) i Nasjonal Samling (NS) og nyslege «ministerpresident», og dessutan Paul Wegener, Gauleiterstellvertreter, i mottagelse på Stortinget under «Statsakten» 1. februar 1942. Seremonien markerte overgangen frå kommissariske statsrådar til Qusilings «nasjonale regjering».
Foto: Riksarkivet/NTBs billed- og klisjeavdeling

Statsakta på Akershus, i propagandaen frå Nasjonal Samling (NS) kallas berre «Statsakta», var ei statshandling og seremoni i Oslo 1. februar 1942Josef Terboven, rikskommisær i det okkuperte Noreg under andre verdskrig, innsette Vidkun Quisling som «ministerpresident» (statsminister) i landet. Samstundes vart dei tyskkontrollerte kommissariske statstådar i namnet erstatta av statsrådane i regjeringa Quisling II.

Bakgrunn og følgjer[endre | endre wikiteksten]

Det formelle grunnlaget for overtaking av makta var at dei konstituerte statsråda, kalla konstituerte ministrar frå 25. september 1941 til 30. januar 1942 la ned sine embeder, og bad Quisling om å ta tittelen, Ministerpresident. Detta var med heimel i «nødretten», og hadde godkjenning frå den nye Høgsteretten. Handlinga vart òg godkjend av Terboven ved at han den 1. februar på sit kontor på Stortinget aksepterte avskjeden til ministrane. Quisling aksepterte anmodninga, og seinare på dagen vart det heile feira med ein seremoni på Akershus festning.

Formelt bestod den tyske overhøgda i Noreg. I praksis vart det større spillerom for Nasjonal Samlings regjering og partiet. Quisling tok inn på Slottet. Avgjerder som tidlegare hadde hatt status som forordningar, vart no lóvar. Ved lov av 12. mars 1942 vart NS òg såkalla «statsbærende parti».

Quisling hadde voner om at ordninga ikkje berre skulle gje han og NS formell, men òg reell makt og føra til fred mellom Noreg og Tyskland. Likevel heldt den tyske tilsynsforvalting fram gjennom Reichskommissariat Norwegen, som før, inntil frigjeringa 8. mai 1945.

Propagandaomtale[endre | endre wikiteksten]

Statsakta vart dokumentert og omtalt som ei historisk hending med filmreportasje i Norsk Film sin ukerevy på kino, radiopptak i NRK og brei dekning i den tyskkontrollerte presse i Noreg.[1] Aftanposten skreiv følgjande på forsida: «1. februar 1942 større enn 17. mai 1814 – større enn 7. juni 1905.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Denne artikkel bygger på nb:Statsakten på Akershus frå Wikipedia på bokmål 11. november 2018

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vidkun Quisling innsettes som ministerpresident» i Filmavisen 9. februar 1942