Statsbudsjettet
Statsbudsjettet er namnet på den samla oppstillinga over staten sine utgifter og inntekter komande år. I Noreg legg regjeringa kvar haust fram for Stortinget eit framlegg til statsbudsjett. Dette er alltid Stortingsproposisjon nummer ein. I samband med statsbudsjettet legg regjeringa også fram Nasjonalbudsjettet og framlegg til skatte- og avgift- og tollreglar for komande år. Det er Stortinget som vedtek Statsbudsjettet.
I 2008 har det norske statsbudsjettet ei inntekt på 1036 milliardar kroner. 328 milliardar er inntekter frå petroleumsverksemda, 650 milliardar kjem frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg.
Statsbudsjettet har eit overskott på 265,4 milliardar som blir overført til Statens pensjonsfond - Utland. Utan inntekt frå petroleumsverksemda ville statsbudsjettet hatt eit underskott på 36,4 milliardar i 2008[1].
Den største utgiftsposten i det norske statsbudsjettet er Folketrygda. I 2008 var det budsjettert med 258 milliardar til Folketrygda. Overføringa til kommunane er 113 milliardar og nest største utgiftspost[2].
Oppbygginga og innhaldet i Statsbudsjettet blir bestemt av Stortinget. Dei gjeldande reglane er frå 2005, men byggjer i hovudsak på prinsippa som Stortinget vedtok i 1928. Hovudprinsippa i Statsbudjsetter er at:
- det skal vere fullstendig
- det skal følgje bruttoprinsippet (som tyder at totale utgifter skal visast, ikkje utgifter fråtrekt inntekter)
- det skal følgje kontantprinsippet (som tyder at inn- og utbetalingar skal førast i den perioden dei faktisk skjer i motsetnad til periodiseringsprinsippet som er vanleg i norsk næringsliv og offentleg forvaltning elles.)
- at det gjeld berre for eitt år
- inndelinga skal vere slik at likearta inntekter og utgifter blir ført saman
- fullmaktsramma for løyvingar skal gå fram av budsjettet[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/pressesenter/pressemeldinger/2007/Nokkeltall-i-budsjettet-for-2008.html?id=484802&epslanguage=NO Nøkkeltall i budsjettet
- ↑ http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/pressesenter/pressemeldinger/2007/Statens-inntekter-og-utgifter---en-overs.html?id=484803&epslanguage=NO Statens inntekter og utgifter
- ↑ http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Dokument/Proposisjonar-og-meldingar/Stortingsproposisjonar/20042005/Stprp-nr-48-2004-2005-/3/2.html?id=138818 Kapittel 3.2 i St.prp. nr. 48, (2004-2005) Om bevilgningsreglementet