Statsføretak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statsføretak er ei selskapsform som kan gjelde for selskap som den norske staten eig fullt ut.

Kongen i statsråd treffer vedtak om oppretting av statsføretak. Samstundes vert det fastsett kva for departement som skal representere staten som eigar av føretaket.

Statsføretak nyttar bokstavane SF som ein del av namnet.

Reglane for statsføretak er gjevne i lov av 30. august 1991. Departementet utøver øvste mynde i føretaket i føretaksmøtet. Departementet si mynde i føretaket kan ikkje utøvast utanom føretaksmøtet. Store statsføretak kan ha ei bedriftsforsamling, der 2/3 av medlemmene er valde av føretaksmøtet.

Statsførtak skal ha eit styre og ein administrerande direktør.

Statskog SF, Statnett SF, Enova og SIVA er døme på norske statsføretak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lov om statsforetak